Sinsenfist, kulturhagefesten. Øyslebø (header). Foto: Margaretha Krug Aase

Fistfest og moralske pekefingre på Kulturhagefesten i Øyslebø

Sinsenfist
«ej e crème de la crème av dessertgenerasjonen
Og på mikrofonen e ej største porsjonen»

Av Margaretha Krug Aase

Nokre gonger i livet skjer det noko som endrar eit menneskje for alltid. Det kan vere ein uventa premietelefon frå Norsk Tipping. Eller ein snap frå dama di på legekontoret: «Du skal bli far.» Eller den urovekkjande SMS-en frå sonen din: «Du… Eg har noko å fortelje deg… Eg er hos politiet» Eller oppfordringa frå pastoren på bedehuset for oss sørlendingar i bibelbeltet: «Er du klar til å ta imot Jesus? Rekk opp handa viss du vil bli frelst!»

Det finst altså nokon hendingar som får deg til å snu opp-ned på alt du trudde om deg sjølv, om livet og om verda generelt. Det er kan hende litt overdrive dramatisk å samanlikne ein konsert med evig frelse, men denne gongen er eg på nippet til å gjere det fullt og heilt. Me har nemleg opplevd den fetaste live-framsyninga så langt i 2026. Kva slags konsert er det snakk om? Ein real musikkfest på ein bitteliten scene i ein avsidesliggjande hage i Marnardal med seksmannshiphoporkesteret: SINSENFIST.

Sinsenfist, kulturhagefesten. Øyslebø. Foto: Anne Grønsund
Sinsenfist, kulturhagefesten. Øyslebø. Foto: Anne Grønsund

Musikk, kultur, ølbrygging og krokket i skjønn foreining
Me står i ein hage på Øyslebø. På ein liten, eksklusiv kulturhagefest. Hagefesten til Lars Berg Holtan, for å vere heilt nøyaktig, ein av mennene bak musikkpodden «Musikkelskerne» og gründeren av det unike konseptet «Kulturhagefesten» i Øyslebø. Ein liten minifestival som dei siste åra har sørga for å spreie handverksøl, hageleker, natursti, livemusikk og kulturopplevingar for folk i alle aldrar og bakgrunnar. I 2026 feira Kulturhagefesten seks år, og på programmet stod mellom anna foredrag med naturfotograf Leiv Arne Åkset (aakset.no), rockebandet Opplysningsrock og (dei for meg heilt ukjende hiphoperane) Sinsenfist.

Det er seinsumar, det er handverkerøl på tappekranene, det er hamburgarar på grillen, glas i handa, sol i lufta og godstemning over det heile. Eg har med meg ølkjenner-kompanjongen min som har smaka seg gjennom årets handverksbryggeriutval. Etter å ha stirra finske brunbjørnar og ulvar i augo under Åkset sitt foredrag om naturfotografi, og etter å ha hoppa i takt med politiske korrekte byråkratar til fornuftsbandet Opplysningsrock, sett eg meg i ein av utesofaene foran scena. Eg tenkjer for meg sjølv: «Sinsenfist? Hip hop? Norsk rap? Ikkje imponert. Men ein får vel halde ut programmet likevel og gje dei ein sjangs. Herr Holtan pleier ikkje ta feil når det kjem til musikk, akkurat.»

Sinsenfist, kulturhagefesten. Øyslebø. Foto: Anne Grønsund
Sinsenfist, kulturhagefesten. Øyslebø. Foto: Anne Grønsund

Rekk opp handa viss du vil bli frelst!
Så eksploderer scena. Eg skjønar ikkje kva som skjer, men i det seks gutar busett i Oslo trør ut på terrassen og setjar i gong, endrar verda seg fullstendig. Etter ein halv song har både eg, kompanjongen min, den eldre mannen på over 80 ved sidan av meg, og halve publikum reist seg og byrja hoppe i takt med dei beste gangsta-moves’ene dei kan. Rekk opp handa for Sinsenfist: Du er i ferd med å bli frelst!

For å seie det som det er: Eg har lite til overs for norsk rap. Endå mindre for såkalla norske «gangstas». Eg reagerer med alt frå mild irritasjon til overlegen arroganse når eg høyrer nokon prøve seg på dårlege norske rim om harde kår på austkanten med KI-generert trommemaskin i bakgrunnen. Då eg las på heimesida til Kulturhagefesten at hovudbandet i 2026 var: «Sinsenfist – reinspikka gangstarap med hint av norsk visetradisjon og gode doser funk, vaibing og femstemt sang» så himla eg med augo. Lite visste eg at etter årets fest ville eg gå heim som nyfrelst blodfans til desse seks gutane frå Oslo.

Turbotroll i badstuhatt
Det digitale musikkmagasinet NPS Music omtala i 2018 Sinsenfist som «et sekshodet troll der hvert hode har sine egne musikalske referansepunkter». Det trollet har berre vakse seg større og større og betre og betre sidan då. Dei trampa seg sørover denne helga til den knøttlite «Slottet scene» i ein hage i ei indre bygd. Og der rocka dei. 100%.

Sinsenfist, kulturhagefesten. Øyslebø. Foto: Anne Grønsund
Sinsenfist, kulturhagefesten. Øyslebø. Foto: Anne Grønsund

Bandet skil seg ut frå andre hiphop/rap-artistar ved at dei alle speler ekte instrument, dei syng fem- og seksstemd, dei blandar alle tidsepokar og sjangrar til ein heilt unik miks. Dei har med andre ord laga sin heilt eigne sjanger. Energinivået er så høgt, kvaliteten så rein, talenta så eigenarta og unike at eg vert heilt blåst av banen. Det er vanskeleg å skjøne korleis dei klarar å halde koken så konsekvent eller løfte stemninga så høgt som dei gjer. Her ligg det mykje talent og arbeid bak. (Og apropos kok: Dei sel sine eigne badstuhattar! Sjekk ut låta «God kok» for passande soundtrack.)

Bandet har faktisk herja både live og på plate sidan 2013. Som bandnamnet tilseier, kjem dei frå Sinsen i Oslo – og er samansett av seks unge menn frå heile Noreg. Som dei sjølv seier i signaturlåta «100% Fist»:

Vi e en god miks i Sinsenfist
Vi e ei vaskeekte gangsterrapbedrift
Vi e Reffrenget, TeddyFoxXx, Ugstad, Bennærn, Dr. Kjell og Gutten

Fleire har kalla bandet eit seksmannssirkus. Eg kallar det ein musikalsk seksretters musikalsk festmåltid. Det er vanskeleg å finne bilete på korleis det er å sjå dei live. Men prøv å sjå for deg dette: Du er på stigande humør. Festen er ung, glaset fullt, stemninga på topp, men så vert du med eitt skrubbsulten. Det einaste dei har på menyen er sloppy, lunka kebab. Men så… Så kjem frelsarane. Plutseleg trillar Sinsenfist rundt hjørnet med ei sjølvlysande takeaway-vogn i sprakande neonfarger og strobelys der seks Michelin-stjerne-kokkar veltar ut or vogna ikledd paljettar og glitrande grilldressar. Dei tryllar fram ein seksetasjers serveringstralle med Waguy-burgarar, handlaga rullekebabs og smørbakt kveite dryppande av safransaus og setersmør, pad thai, mormors vaflar med ekte brunost og vaskeekete fish&chips direkte frå ein London-pub servert med gulldynka flytande sjokoladefondant til dessert. Det høyrest ut som ein sjølvmotsigelse, men dette er verdens beste musikalske junk food i overklasserestaurant-kvalitet. Sånn omtrent er det å få servert ein konsert med Sinsenfist live.

  • Sinsenfist, kulturhagefesten. Øyslebø. Foto: Margaretha Krug Aase
  • Sinsenfist, kulturhagefesten. Øyslebø. Foto: Anne Grønsund
  • Sinsenfist, kulturhagefesten. Øyslebø. Foto: Anne Grønsund
  • Sinsenfist, kulturhagefesten. Øyslebø. Foto: Anne Grønsund
  • Sinsenfist, kulturhagefesten. Øyslebø. Foto: Anne Grønsund
  • Sinsenfist, kulturhagefesten. Øyslebø. Foto: Anne Grønsund
  • Sinsenfist, kulturhagefesten. Øyslebø. Foto: Anne Grønsund
  • Sinsenfist, kulturhagefesten. Øyslebø. Foto: Anne Grønsund
  • Sinsenfist, kulturhagefesten. Øyslebø. Foto: Anne Grønsund
  • Sinsenfist, kulturhagefesten. Øyslebø. Foto: Anne Grønsund

Sinsenfist leverer 100%
Det er ikkje anna å seie enn: Eg er offisielt Sinsenfistfrelst. 100% fist. 100% frelst.

Sjekk ut nokre av perlene dei spela på Kulturhagefesten: «100% fist», «Strekker meg», «Hvite Sneakers», «God kok», «Munch» og «Fra Sinsenterrassen»:

«Vi er kongene av taket til by’n
Du ser på Sinsenfist og vi er litt av et syn for guder
Vi er hertuger av holdeplassen
Vi er Sinsenfist fra Sinsenterrassen»

Viss du kjenner på eit snev av FOMO no, så speler dei heldigvis live fleire stader i landet med jamne mellomrom. I tillegg har dei ein stor katalog ute på diverse straumetjenester – mellom anna platene «Fra Sinsenterrassen» (2014), «Mount Fistmore» (2018) og «Gangsta Norvegicum» (2020). Og om ikkje så lenge kjem den nyaste plata «Sinsen Fjernvarme».

OPPLYSNINGSROCK: Korleis bli eit betre menneskje
Før knyttneven kjem pekefingeren, og før Sinsenfist tok Øyslebø med storm, rocka det legendariske politisk korrekte bandet Opplysningsrock publikummet Slottet scene. Dei er nesten som husband å rekne, for dei fekk eit samstemd publikum til å ta sterk avstand frå både klamydia, prostitusjon og hasj på same scene i 2025.

Opplysningsrock, kulturhagefesten. Øyslebø. Foto: Margaretha Krug Aase
Opplysningsrock, kulturhagefesten. Øyslebø. Foto: Margaretha Krug Aase

Folkeopplysning på sitt beste
Opplysningsrock er eitt av dei banda på Sørlandet du må få med deg live. Det finst ingen over og ingen ved sida når det kjem til sunne haldningskampanjar og moralske oppfordringar. Til dømes gjer dei det klinkande klart at det finst mykje betre alternativ til prostitusjon (kva med agronom?) og at å laste ned porno på skule-PC’en er ein dårleg ide.

Opplysningsrock, kulturhagefesten. Øyslebø. Foto: Anne Grønsund
Opplysningsrock, kulturhagefesten. Øyslebø. Foto: Anne Grønsund

Dei er ei gullkanta gåvepakke til alle foreldre, moralistar, besserwissere, kommunalt tilsette byråkratar og snusfornuftige besteborgarar med klare etiske retningslinjer. Dei er med andre ord garantert heilt ulike alle andre punka rockeband du har sett. Frå presentasjonen til fjorårets Kulturhagefest kunne ein lese følgjande om bandet frå Kristiansand: «Der andre rockeband fronter usunne verdier som står i opposisjon til myndighetene, velger Opplysningsrock motsatt retning. Opplysningsrock ved Yngve Vindal, Mattias Jahr, Steinar Bjorøy, Øyvind Mathiassen, Christian Goul og Espen Torgersen er sterke moralister som tar alle virkemidler i bruk i kampen mot netthets, røyking, narkotika, fyllekjøring, usikker sex og tabu rundt psykisk helse. Du vil bli rystet i grunnvollene når Opplysningsrock trer sine sunne holdninger og verdier hardt nedover ørene dine. Dette blir din sterkeste opplevelse siden Døden på Oslo S. Fikser du det?»

Musikkatalogen deira er ein våt draum for ungdomsskulelærarar, politikarar og alle som har sunne verdiar. Her finn du titlar som «Ikke f*kk politiet», «Matematikk er gøy», «Vær grei på bussen», «Ikke ta kokain», «Ikke driv terrorisme», og ikkje minst den fantastiske låttittelen: «Ikke innta rusmidler (lovlige eller ulovlige) kort tid før du kjører bil, da blir du lam».

  • Opplysningsrock, kulturhagefesten. Øyslebø. Foto: Anne Grønsund
  • Opplysningsrock, kulturhagefesten. Øyslebø. Foto: Lars Berg Holtan
  • Opplysningsrock, kulturhagefesten. Øyslebø. Foto: Margaretha Krug Aase
  • Opplysningsrock, kulturhagefesten. Øyslebø. Foto: Margaretha Krug Aase
  • Opplysningsrock, kulturhagefesten. Øyslebø. Foto: Margaretha Krug Aase
  • Opplysningsrock, kulturhagefesten. Øyslebø. Foto: Margaretha Krug Aase
  • Opplysningsrock, kulturhagefesten. Øyslebø. Foto: Margaretha Krug Aase
  • Opplysningsrock, kulturhagefesten. Øyslebø. Foto: Margaretha Krug Aase
  • Opplysningsrock, kulturhagefesten. Øyslebø. Foto: Margaretha Krug Aase
  • Opplysningsrock, kulturhagefesten. Øyslebø. Foto: Margaretha Krug Aase
  • Opplysningsrock, kulturhagefesten. Øyslebø. Foto: Margaretha Krug Aase
  • Opplysningsrock, kulturhagefesten. Øyslebø. Foto: Margaretha Krug Aase
  • Opplysningsrock, kulturhagefesten. Øyslebø. Foto: Lars Berg Holtan
  • Opplysningsrock, kulturhagefesten. Øyslebø. Foto: Margaretha Krug Aase
  • Opplysningsrock, kulturhagefesten. Øyslebø. Foto: Lars Berg Holtan
  • Opplysningsrock, kulturhagefesten. Øyslebø. Foto: Lars Berg Holtan

Ikkje få klamydia eller sjå porno på skule-PC
I tillegg til gode råd og tips for gode livsstilsendringar og -grep, fekk publikum også servert ein rykande fersk haldningskampanje. Vokalist Yngve Vindal stilte svært kritiske spørsmål til Regjeringa då han tok seg tid til litt høgtlesing frå Støre og Brænna sin tale i  2025 der dei lova ein tydeleg haldningskampanje for å få ned sykefråværet. «Kor vart det av den kampanjen?» spør Vindal. No hadde det seg tilfeldigvis slik at Arbeiderpartiet sin lokale stortingsrepresentant Kai Steffen Østensen frå Farsund var på Kulturhagefesten. Han måtte sjølvsagt opp på scena for å svare for seg, og sidan Opplysningsrock er det høflegaste, venlegaste bandet på denne sida av jordkloden, fekk han servert ein fiks ferdig kampanje å ta med seg attende til partiet sitt: den nye låta «Skjerp deg for faen og kom deg på jobb».

Under årets konsert på Kulturhagefesten hadde dei diverre litt tekniske problem undervegs der setlista gjekk litt i krøll og dei plutseleg mangla straum til nokre av instrumenta. Men alt ordner seg for gilde folk. Då det gjekk i stå under «Ikke se porno på skolens PC», ropte det nokon entusiastisk frå publikum: «Dere må aldri bli bedre!!!» og finst det eigentleg noko større kompliment enn det?

Opplysningsrock, kulturhagefesten. Øyslebø. Foto: Lars Berg Holtan
Opplysningsrock, kulturhagefesten. Øyslebø. Foto: Lars Berg Holtan

Etter lærerike låtar om psykisk helse og statlege beredskapsplanar, avslutta dei konserten med ein improvisert framsyning av gjestemusikar og arrangør Lars Berg Holtan som fekk ta kontroll over samplaren på den legendariske «Ikkje få klamydia»-låta.

Det finst vel ingen rockeband i verda som er meir velmeinande, moraliserande eller meir morosame enn Opplysningsrock. Ein kan ikkje anna enn å håpe at dei vert fast husband på Kulturhagefesten i framtida óg.

Sjå og: Chemtrails Oslo og Opplysningsrock spilte opp til dans på Vaktbua og Opplysningsrock kjørte sanger med sterke tekster på Six Pence i kveld!

Legg igjen en kommentar