Rå naturkraft i menneskjeform: Mari Boine feira 70 i Kilden, Kristiansand
Tidlaus. Legendarisk. Ein mytologi i seg sjølv. Ho er så lita der ho står, ho Mari Boine, men avtrykket hennar er så stort. Ho har ein alderlaus aura. Så levande og til stades at ein tenkjer ho aldri kjem til å eldest eller gå av. Men i røynda vert ho faktisk 70 år i 2026. Ho har eit langt liv og ein produktiv og mangfaldig karriere bak seg. Både ho sjølv og musikken famnar om så mykje – og i oktober 2026 heldt ho jubileumskonsert i Kilden i Kristiansand. Ho og bandet sleit med å velje, fortel ho frå scena, då dei skulle plukke ut songar nok for 90 minutt – skarve 90 minutt for å feire eit heilt liv og ein lang musikalsk reise.
Ho valde på eit tidleg tidspunkt å gjere motstand mot den kollektivt påførde skamma av å vere samisk ved å syngje frå røtene sine i sitt eige språk. Frå ho var ungdom har Mari Boine vist fram si stålkjerne av talent. Den kjernen kjem til syne i ho både som artist og aktivist. Ho har ei stor stemme og rå kraft. I den eine augneblinken er han mektig som eit torevêr, i neste augneblink er han lågmælt og mild som mjukt sumarlys. Kilden omtalar Mari Boine som eit musikkikon i programmet sitt, og dei tek ikkje feil. Ho er ei legende på så mange vis.
Mari Boine, Kilden, Kristiansand. Foto: Svein Erik Nomeland
Mari Boine og musikken har vore eitt sidan ho var liten. Som så mange andre samiskætta menneskje, vart ho skada og øydelagt av statens fornorskingspolitikk – ein politikk som under tvang og audmjuking hadde som mål å fjerne alle spor av alt det vederstyggelege som var samisk. Den mørke sida av historia ga næring til eit brennande engasjement med ein unik musikalsk vri. Gjennom å trå fram på den offentlege scena, gjenreiste ho sin eigenverd og byrgskap over sitt eige språk og kultur. Det er heilt unik korleis ho evnar å både hente kraft frå songane samstundes som ho nyttar songane til å vise krafta i seg sjølv, si historie, sitt språk og sitt folk.
Det er med blanda kjensler eg tek inn musikken og autentisiteten som Boine og bandet hennar leverer i Kilden. Musikkelskaren i meg nyt konserten i fulle drag. Eg får ikkje nok av krafta og kompetansen som strålar mot salen frå scena. Men nordmannen i meg krympar seg, og skjemst. Ein likar å skryte av at Mari Boine er norsk, men i kvar tone ho syng kjem smerta over å vere norsk-samisk fram. Eg mistenkjer at det helst er nordmenn som likar å smykke seg med Mari Boine, ikkje omvendt. Litt som me likar å smykke oss med idrettsstjernene våre; «Sjå her!» seier me til kvarandre og verda utanfor. «Sjå kor gode me er, me nordmenn!» Men sanninga er vel heller at me kan ikkje ta æra for kva enkeltindivida gjer. Spesielt ikkje når det er kollektivet sjølv som har skuld i vondskapen, og som sjølv i dag heldt fram med å undertrykkje rettigheitene urfolket i Noreg har. Mari Boine har liten grunn til å smykke seg med norsk historie og kultur. Det er nemleg fint lite den norske stat historisk sett har gjort for sitt eldste folk.
Mari Boine, Kilden, Kristiansand. Foto: Svein Erik Nomeland
Eg veit eg ikkje står personleg ansvarleg for kva staten Noreg har gjort – og framleis gjer – mot det samiske folket, kulturen og landområda deira. Likevel kjenner eg ein bismak av å vere eit produkt av den Rike Kvite Olje- og Energinasjonen Noreg, som utnyttar og øydelegg uvurderlege skattar og ofrar dei utan å mukke for profitt. Sjølv ikkje etter Høgsterettsdommar og internasjonalt press bøyar Staten av. Framleis et me opp og fragmenterer landskapet dei har verna om i årtusen, bit for bit. «For me må jo ha energi,» som orsakinga seier. Teksta frå songen «Oppskrift for Herrefolk» gnagar meg i bakhovudet:
«La språk og kultur få sin plass på museum, som forskningsobjekt, og turistattraksjon. Hold festlige tala på hvert jubileum, la splittes og dø det som var en nasjon. Og la ingen betvile din overhøyhet. Sånn holder du nede en minoritet».
Så eg skjemst. Er denne konserten nok eit bevis på korleis me hyllar med ei hand og hånar med den andre? Er det eg kjenner på eigentleg kulturappropriasjons-skam? Om så er, håpar eg fleire kjenner på det same i kveld. Då tek me til slutt kanskje inn over oss korleis Staten vår har mishandla ursjela, folket og landet Noreg grovt.
Frå venstre: Stein Austrud, Gunnar Augland, Gerog Bujo, Mari Boine, Svein Schultz og Kristian Svalestad Olstad. Foto: Svein Erik Nomeland
Men sjølv om eg er låg i hatten, og ser konserten gjennom eit anstrøk av audmjuke og kollektiv skam, kan eg ikkje unngå å verte lokka og fanga av magien i Mari Boine sitt univers. Det er meditativt, progressivt, jazzete og fritt – det lev eit driv, ei styrke, ei urkraft i røysta hennar trass i halsbetennelse og parfymeallergi. Eg misunner dei ikkje den umoglege oppgåva å velje ut eit tverrsnitt av 70 år på 90 minutt. Men dei klarar det utrulege, desse fantastiske artistane på scena. Med fem musikalske mannfolk bak og ved sida av seg, fyller dei salen med tonar og rytmar i eit mangfald av primitiv og forfina musikk. Dei veks seg store og mektige på scena saman i songane, og stemma til Boine ligg som eit utanomjordisk slør over det heile. Nokre gonger sår av sorg, andre gonger flaumande av fargar og eld. Og når dei alle saman speler taktfast og vilt på trommesett og slagverk, og Mari held tromma si høgt mot himmelen i ordlaus hylling og protest – så skjer det noko i salen. Røynda rivst i sund, normaliteten forsvinn, og heile Kilden forsvinn inn i ei vill, primitiv verd der sola syng og jorda snakkar djupt og mørkt om liv og vern.
Nokre menneskje vert svakare, gråare, veikare med åra. Men nokon vert det motsette – dei veks seg meir levande med tida, dei vert større og vidare – og Boine er ei av dei. Ho er snart 70 år, men alderen gjer ho berre meir – og betre – enn før. På eit eller anna uforklarleg vis er ho meir gjennomskinleg og eterisk enn nokon gong – og det tidlause blikket avslører den ukuelege kjernen ho er laga av.
Medverkande artistar: Mari Boine – vokal Stein Austrud – keyboard, mellotron og synther Georg Buljo – elektrisk gitar Kristian Svalestad Olstad – akustisk gitar Gunnar Augland – trommer og perkusjon Svein Schultz – bass og programmering
Sjå alle bileta frå konserten
Fra venstre: Stein Austrud, Gunnar Augland, Gerog Bujo, Mari Boine, Svein Schultz og Kristian Svalestad Olstad. Foto: Svein Erik Nomeland

Kristian Svalestad Olstad, Mari Boine, Kilden, Kristiansand. Foto: Svein Erik Nomeland
Mari Boine, Kilden, Kristiansand. Foto: Svein Erik Nomeland
Kristian Svalestad Olstad, Mari Boine, Kilden, Kristiansand. Foto: Svein Erik Nomeland
Kristian Svalestad Olstad, Mari Boine, Kilden, Kristiansand. Foto: Svein Erik Nomeland
Mari Boine, Kilden, Kristiansand. Foto: Svein Erik Nomeland
Mari Boine, Kilden, Kristiansand. Foto: Svein Erik Nomeland
Mari Boine, Kilden, Kristiansand. Foto: Svein Erik Nomeland
Mari Boine, Kilden, Kristiansand. Foto: Svein Erik Nomeland
Georg Buljo, Mari Boine, Kilden, Kristiansand. Foto: Svein Erik Nomeland

Gunnar Augland, Mari Boine, Kilden, Kristiansand. Foto: Svein Erik Nomeland

Fra venstre: Gerog Bujo, Stein Austrud, Mari Boine, Gunnar Augland, Svein Schultz og Kristian Svalestad Olstad. Foto: Svein Erik Nomeland

Stein Austrud, Mari Boine, Kilden, Kristiansand. Foto: Svein Erik Nomeland

Svein Schultz og Kristian Svalestad Olstad, Mari Boine, Kilden, Kristiansand. Foto: Svein Erik Nomeland

Svein Schultz, Mari Boine, Kilden, Kristiansand. Foto: Svein Erik Nomeland