Artistfoto tek tempen på Norway Rock Festival 2019

Kva skjer med at vêrgudane har lagt sin elsk på Norway Rock Festival dei siste åra? I år som i fjor stråler sola frå klarblå himmel allerede fyrste dag på Øyesletta i Kvinesdal.
Av: Margaretha Krug Aase

Tradisjonen tru står campingvognane rølpa og festklare langsetter E39 på veg inn for å finne sin heim på jordet dei neste tre dagane. Vennlege vakter vinka frå parkeringa, forventningsfulle deltakarar driv innover mot festivalområdet og samlar seg i kø for å sleppe inn portane, etter eit heilt langt år med venting, opner seg til årets rockefest igjen. Det kviler ei pirrande forventing over staden mens lukta av steikt tacokjøt, ferske grilla Bekkereinan-pølser og nytappa øl siv mellom teltene i det dørene opner på slaget 19:00 torsdag kveld.

King_Romeo_Copyright__DSC0288_artistfoto.no
King Romeo på Norway Rock 2019. Foto: Svein Erik Nomeland
KING ROMEO OG DREAM POLICE

Klar, ferdig, fest! King Romeo er aller fyrste band ut. Med svulmande toner frå «Also sprach Zarathustra» av Strauss (for dei fleste kanskje meir kjend som intro-songen til 2001 ei Romodyssé, eller «The rise of mankind»-låta) kicker dei i gong tiårsfesten med passande pomp og prakt. I år feirer nemleg NRF 10 år på jordet i den vakre dalen, omkrinsa av høge fjell og elva Kvina. Festivalen har dei seinaste åra lagt seg på ein nøktern og mindre ambisiøs line, og lineupen i år spegler det andletet ildsjelane bak arrangementet ynskjer å vise. No er det like mykje stemninga og den høgt elska campen festivalen kviler på som store, rådyre headlinere med 18 utstyrstrailarar på slep. I år er det variert utval med band som famnar alt frå punk-preg til prog-rock, samstundes som legendariske namn som Dee Snider og Arch Enemy glimrer med sitt alvestøv på plakaten. Det lokale opningsbandet King Romeo gjer ein solid konsert med alt det ein kan ynskje seg for å ynskje denne rock’n’roll-helga velkomen: Kongevokal, feite riff, catchy melodiar og musikalsk ekstravaganza som lovar ei helg utanom det vanlege. Med namn som D-A-D og Dark Side of the Wall på plakaten seinare om kvelden, er det ikkje anna å gjere enn å lene seg tilbake og nyte.

Dream_Police__DSC0359_artistfoto.no.v2_Copyright
Dream Police på Norway Rock 2019. Foto: Svein Erik Nomeland
Se alle bildene fra torsdagen på Norway Rock under her:

Denne bildekrusellen krever javaskript.

Vêret var hakket kjøligare denne fredagen, men for alle dei som søv i telt og varme campingvogner, kjem vel ein overskya, sval morgon som bestilt. Presis 13:05 fredag (arrangørane imponerer når det kjem til å halde programmet!) entra det som ikkje kan kallast anna enn ein virvelvind scenen.
VEISLAKT

Kor desse gutane fekk energien sin frå så tidleg på dagen, er ei gåte. Det var nok unekteleg ein hard kveld torsdagen før for mange publikummere, då Pink Floyd-tribute bandet «Dark Side of the Wall» runda av fyrste festivaldag med ein minneverdig, storslagen konsert. DSOTW var kan hende litt i rolegaste laget for mange – ein konsert der ein kunne leggje seg til å kvile i ein straum av tekniske finesser og melodiar. Veislakt sin opptreden kom morgonen etter som den rake motsetnaden – det var som å verte kasta inn i ein sentrifuge av rå lydbilete og energi. Sjå føre deg du skal plugge i straumen heime, men i staden for ei vanleg 220V stikkontakt, pluggar du anlegget rett inn i ei ukontrollert 20 000V råstraum-kontakt rett frå kraftverket, utan nokon som helst form for regulering. Det som kjem ut er ikkje musikk, det er VEISLAKT, og dei eigde scena. Dei køyrde eit elektrisk samspel på grensa til galskap, og vokalisten rauste på som ein høgspentledning utan jording. «Viss denne driven fortsetter utover dagen, gjeng me ein heidundrande kveld i møte» høyrest det frå publikum, og spådommen slo ikkje feil.

Green_Carnation_StineDSC_6788_Copyright
Norway Rock 2019. Foto: Stine Hommelsgård
SASSY KRAIMSPRI

Til dei av dykk som tok turen inn på området for å få med dykk dei fyrste banda på dag 2 av NRF 2019: Lucky bastards! Der Veislakt nokre få minutt tidlegare eksploderte i ein sverm av sceneenergi, tok neste band tak i restane og vevde eit samansurium av ein konsert proppfull av sassy attitude og forførande, grumsete riff. Sassy Kraimspri har ei rå undertone av dirrande energi med seg, og bandet både ser og høyrest bra ut. «Angry, impassioned rock at its most deliriously screeching apex» kan ein lese om bandet frå tidlegare konserter, og det stemmer ett hundre prosent. Vokalisten ser kan hende ut som ein uskuldig engel der ho står med sine lange, ljose krøller og vakre utsjånad, men det er ikkje tvil om at leopardtoppen og den hese røysta skjuler noko ganske anna under overflata. Sassy Kraimspri er ein sinna, sexy, frekk og farleg sumarflørt – perfekt på ein dag og festival som dette.

Green_Carnation_StineDSC_6741_Copyright
Fra venstre: John Vidar Hansen og Terje Stausland, på Norway Rock 2019. Foto: Stine Hommelsgård
DEFECTO

Finst det noko meir likandes enn desse trivelege karane frå nabolandet vårt i sør? Defecto imponerte publikum med eit musikalsk storverk som var saumlaust, sylskarpt og av ypperste tekniske kvalitet. Ein hadde høge forventningar i forkant til desse nye danske stjernene som har hausta så mange lovord frå presse, publikum og arrangørar. Og heldigvis: Dei innfridde til fulle. Det er synd at som så mange gonger før ser ikkje publikum ut til å kjenne si besøkstid. Det var litt for tynt og uengasjert lengre bak i rekkene foran scenen. Litt glissent oppmøte til tross: Defecto leverte. Med renter! Dette er verkeleg bandet å notere seg. Settet var tight, låtane kompliserte, men fullendte, og overgangane mellom dei ulike partiane var intelligente, intrikate og samansette. Ein skulle tru at så unge og nyklekka musikarar ikkje hadde så mykje å kome med, men Defecto er eit slåande bevis på det motsatte. Gitaristen spelte i ein liga for seg sjølv, og bandet fungerte så samspelt og veldrive at det var ein rein fryd å høyre på. Vokalisten hadde vindmaskinen på plass (er det ikkje berre Carola som driv med det no for tida?), og sjarmerte seg inn i den norske fjellheimen. Med ein energisk trommis og stødig bassist satte dei ein ny standard for dagen. Om du gjekk glipp av denne konserten: sørg for at du får med deg neste. Dette er Defecto sin fyrste noregskonsert, og den vert forhåpentlegvis ikkje den siste. Meir av dette, takk!

Defecto_ StineDSC_6750_Copyright
Defecto på Norway Rock 2019. Foto: Stine Hommelsgård

Alle konsertane så langt denne fredagen var eit råtight hardkjør av rein energi med få pustepausar undervegs. Frå Veislakt til Defecto spende det seg ein høgenergisk straum av rein musikkraft. Om ein skulle utsette noko som helst på dagen så langt, må det vere at publikum kunne nytt godt av nokre dynamiske kvilepausar undervegs for å la kompleksiteten synke inn. Med tanke på det fyrverkeriet av damer som entra to ulike scener seinere den kvelden, så kan ein trygt seie at det er godt lineupen på lørdagen senka tempoet et par hakk. Det tok ikkje mange timane før ei blåhåra, brølande løve tok dalen med storm då headlineren Arch Enemy nok ein gong skreik seg inn i NRF sin hall of fame. Og som om me ikkje hadde sett nok beintøffe kvinnfolk denne dagen, runda Djerv av ein hardtslåande, rå, brutal og episk dag på Øyesletta.

Arch_Enemy_StineDSC_6823_Copyright
Arch Enemy på Norway Rock 2019. Foto: Stine Hommelsgård
Se alle bildene fra fredagen under her:

Denne bildekrusellen krever javaskript.

Se bilder fra lørdagen under her:

Denne bildekrusellen krever javaskript.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s