Bjørn Hellfuck, Fjellparkfestivalen, Flekkefjord (header). Foto: Svein Erik Nomeland

FJELLPARKFESTIVALEN: RÅ ROCK, REGN OG RUMPERØLP I FLEKKEFJORD

Den 18. juli 2026 drog Artistfoto til Flekkefjord for å få med seg den siste dagen av årets Fjellparkfestival med Deafmazjiin, Tønes, Jubb, Gjenfødt Kultur, EDEL, Kristi Brud, Drakånis og Bjørn Hellfuck på programmet.

Fjellparkfestivalen er den lengstlevande rockefestivalen i Norge. Frå han vart fødd i 1982 har han vakse til å verte ein av dei mest autentiske festivalane i Noreg. Fjellparken har ein heilt særeigen, definert profil med ein musikalsk integritet som ikkje berre går i djupet, men spreier seg til alle ytterkantane i festivalen sin profil. Festivalområdet ligg i Fjellparken, ein liten park øvst ved fjorden i Flekkefjord. Artistane vekslar mellom å stå på ein «stor» hovudscene og ei mindre biscene på bakketoppen, og programmet i 2026 var, som alltid, stramt og strøkent.

Kristi Brud, Fjellparkfestivalen, Flekkefjord. Foto: Svein Erik Nomeland

Festivalen har ord på seg for å snappe opp stjerneskot frå eit breitt spekter av sjangrar og stilar, og sjølv om lineupen alltid famnar både kjende og ukjende artistar,  er sjølve essensen i menyen den same: Fjellparkfestivalen er ekte vare, og dei nektar å gå på akkord med seg sjølv. Dei er stolte, smale, små, smarte og steintøffe. Rockeglad ungdom har drive festivalen på rein dugnad sidan byrjinga, og dei har makta å halde på ein knivskarp musikalsk teft og nase for dei små skattane som skjuler seg i undergrunnslokala rundt om i landet. I 2026 feira festivalen 45 år, og vart eigentleg berre villare, våtare og yngre til sinns for kvart år. Denne laurdagen var ikkje noko unntak.

Seig og stødig start
Deafjmazjiin opna den siste festivaldagen. Etter ein heil veke med strålande sol og sumarvarme oppimot 30 gradar i skuggen, sank temperaturen drastisk utover laurdagen. Skyar samla seg i horisonten, lufta vart fuktig og tung, himmelen vart gråare og gråare. Ut på scena kom tre karar som var like rufsete som vêret. Han har ein herja utsjånad, vokalisten frå Mandal; høg og mager, ugreidd og berrføtt med ei rå røyst. Deafmazjiin har ifølgje det store internettet eksistert sidan 2003. I løpet av den tida har dei finspissa sin unike sound – eit dronande djup som ber ein musikalsk kvalitet ein ikkje kan ta feil av. Det er seigt utan å vere sløvt, tungtflytande nok til ikkje vere daudt, og stramt nok til å røske opp i trøytte 3-dagers-festival-festarar. Deafmazjiin har mykje meir ved seg enn ein skulle tru – det er nærliggjande å tenkje seg at ein ville booka eit av dei «dårlegare» banda som første band siste festivaldagen, men nei – trass i at dei berre er tre relativt stilleståande musikarar på mini-scena, er lydbiletet og kvaliteten så rå og svær at den ladar festivalbatteriet for kvelden fullt og heilt. Melodiane vakar i eit landskap prega av mørkt marsjdriv, og dei gjer ein særdeles god jobb som første band ut.

Deafmazjin, Fjellparkfestivalen, Flekkefjord. Foto: Svein Erik Nomeland

Waldorfsalat slår alltid an
Tønes er neste artist på programmet, og er nok eit av namna som har selt flest billettar til laurdagen. Tønes står i sterk kontrast i tempo og stemning til Deafmazjiin, men ein ting har dei til felles: Dei lyg ikkje om kven dei er. Tønes er eitt hundre prosent ærleg om kven han er og korleis livet hans têr seg. Og det er denne likeframme ærlegdommen som gjer han så eineståande i sitt slag. Enkel, upynta, ekte og direkte. Han gjer ikkje så mykje av seg på scena, men det er vel det han er mest kjend for òg. Han er høfleg og heimsleg, vennleg og vittig. Han gjer seg ikkje til på nokon som helst måte, og låtane er like bra live som på plate. Stemninga stig merkbart utover settet, og når hiten «Spleiselag» kjem for tur er allsangfaktoren høg. Det er eigentleg heilt absurd at ei låt om Waldorfsalat kan fenge så sterkt, men Tønes ser ut til å ha ein egen evne til å treffe ei fellesnerve i folket med kvardagspoesien sin. I det han hiv seg utpå siste låta i ei psykedelisk synthesizer-drakt om full frysar og solbær frå 2013 måpar sidekameraten min og seier: «Det der er Tønes på syre!» og han har rett. Frosne vannbakkels vert aldri det same igjen for dei som fekk med seg den improviserte techno-trippen om opna poser frossenmat.  

Tønes, Fjellparkfestivalen, Flekkefjord. Foto: Svein Erik Nomeland

Spark i trynet – Jubb leverer
Jubb gjekk på miniscena etter at Tønes forlèt storscena. Dei er eit relativt nyfødd band frå Bergen, som sjølv etter berre eit drøyt år i live både har gjett ut ein EP og har spelt på fleire større arrangement. Namnet kjem frå bergensk åttitalsslang for «Sneip», og dei gjer alt dei har. Ein vegg av hardcore sparkar publikum i trynet frå fyrste song. Etter ein fredeleg, roleg flytur over fjorden med Tønes, er Jubb som å bli kasta ut av eit jagarfly utan fallskjerm – dei er høgenergisk adrenalin rett i årene. Den lokale (dog utflytta) musikkjendisen Maria Refsland på bass krydra settet med historier om stolne bassgitarar, og Jubb viste kor kjapp og glatt ein intimkonsert kan vere – det kjendest som ein deilig intens intervallsprint i laurdagen sitt særdeles varierte program.

Jubb, Fjellparkfestivalen, Flekkefjord. Foto: Svein Erik Nomeland

Hiphop og soulpop
Gjenfødt Kultur tok over for Jubb på hovudscena etter ei kort pause. Vêret vart kjølegare og verre før hiphoperane gjekk på, og regnponchoane fekk bein å gå på. Det gjekk nok diverre ut over rapkollektivet frå Larvik, som leverte ein solid hiphop-konsert for eit vått og glissent publikum. Duoen EDEL gjorde sitt for å bøte på det kalde, gufsete vêret med sine varme, vakre akustiske melodiar då dei spela på miniscena rett etterpå. Det vart ein nydeleg akustisk affære som gjorde godt for kropp og sinn. Dei sausa publikum inn i sjelfull og soul-fylt tostemd harmoni, og song med ein musikalsk venleik som gav meg lyst til å setje meg under eit varmt pledd på en triveleg kaffebar i regnet.

Gjenfødt Kultur, Fjellparkfestivalen, Flekkefjord. Foto: Svein Erik Nomeland

EDEL, Fjellparkfestivalen, Flekkefjord. Foto: Svein Erik Nomeland

Skambankt og Seigmen sin one-night-stand
I takt med mørket som la seg over fjorden, vart musikken meir mollstemd og melankolsk. Kristi Brud tok over på hovudscena etter at EDEL hadde sunge sitt. Det regna tett då bandet gjekk på, men det var tydeleg at Kristi Brud har opparbeida seg en trufast fanskare som ikkje let seg merke med nokre regndråpar og kalde gufs. Og det er ikkje rart, heller. Kristi Brud er verkeleg bra. Dei kjem, som Jubb, òg frå Bergen, og fekk ein velfortent Spelemannpris for beste rockeplate i 2024. I festivalprogrammet kan ein lese at Kristi Brud er «lyden av ekte, bankende hjerteslag». Det stemmer på ein prikk viss hjartet det er snakk om slår hardt og tungt – mollstemd av knuste drøymer og tynga av mørke og melankoli. Der Tønes har skapt sin heilt egen sjanger, speler Kristi Brud på ei rekkje andre band og artistar som gjer at ein nokre gonger sit igjen med kjensla av at ein har høyrt det før, eller at dei minner om nokon ein ikkje heilt kan setje fingeren på. Eg trur det er innafor å seie at viss Skambankt og Seigmen hadde hatt seg ein one night stand på festen til Kent medan dei høyrde på gamle The Cure, så ville Kristi Brud vore resultatet. Det vil på ingen måte seie dei er blåkopiar av desse – som alle ungar har dei ein eigen personlegdom og utsjånad, men ein kan definitivt kjenne att trekka frå dei som kom før.

Kristi Brud, Fjellparkfestivalen, Flekkefjord. Foto: Svein Erik Nomeland
Kristi Brud, Fjellparkfestivalen, Flekkefjord. Foto: Svein Erik Nomeland

Kampklare lykketroll
Etter Kristi Brud takker for seg på hovudscena, fyk fire feststemde rockepunkarar opp på den vesle miniscena i skogen. Drakånis er eit reint jenteband som køyrer rein lykketrollenergi inn i festivalpublikummet. Det sluttar å regne, stemninga stig, og dei gjer sitt beste for å få i gong ein skikkeleg moshpit i sumarnatta. Ifølgje festivalprogrammet ønskjer bandet å gje rock/punk-sjangeren ungdommeleg speleglede og feminin kraft. Og dei lukkast med det! Eg undrar meg berre over kvifor dei til tider verker nesten passivt aggressive mot publikum, for det kjem nokre sleivspark til publikum som kjennest litt ufortent. Er det noko i publikum eg ikkje får med meg som gjer at spesielt vokalisten verker så klar for kamp, eller er dei fire jentene berre kloke av skade – og vil vere føre vâr? Det er sjølvsagt mogleg at dei fire jentene har kjempa mot fordommar og nedlatande haldningar heile sin karriere, men det var ikkje anna å spore i publikum enn festglad musikkglede og entusiastisk applaus. Drakånis hadde nok sjarmert publikum i senk viss dei ikkje hadde hatt den verbale guarden oppe, men dei får likevel opp temperaturen før siste band skal spele siste festivalnatt til endes. 

Drakånis, Fjellparkfestivalen, Flekkefjord. Foto: Svein Erik Nomeland

Kva meir rimer på nissen?
Bjørn Hellfuck er ein slags Sparkjøp-versjon av Slipknot. I blå boksershorts, grilldressar og ruteskjorter frir dei til publikummarane med songar om bollemus og ståkuk. Dei fekk æra av å runde av heile jubileumsfestivalen. Men å bruke ordet «ære» om Bjørn Hellfuck, er kan hende å dra det litt langt – tekstane osar ikkje akkurat av å vere høgtideleg musikkpoesi på akademisk nivå. Bandet håvar inn promille- og pornopoeng med prompehumor og rumperølping. Setlista er vel den mest vulgære til no i år: Det går frå «Bleikfeit hyse» til «Pissen», «Countrysnabb», «Vaginaen din lukter» og «Homsen i heisen», for å nemne eit representativt utval.

Bjørn Hellfuck, Fjellparkfestivalen, Flekkefjord. Foto: Svein Erik Nomeland

Det er faktisk fascinerande å sjå kor mange ord dei finn som rimar på «tissen». Eller kor mange ulike måtar og personar ein kan pule på dassen. Bjørn Hellfuck har ord på seg for å ha skyhøg energi og kanonbra lyd på konsertane sine. Denne laurdagen var sounden og energien derimot litt slapp – dei tralta seg fram på nachspieltempo i lett trav, medan dei tidlegare har herja i vill galopp. Det såg likevel ikkje ut til at publikum leid nokon naud – dei skåla og song med av full hals. Sjølv om denne konserten ikkje var den beste frå deira side, var partyfaktoren udiskutabel likevel. Dei enda festen med slagarar som «Eit snev av anus» og «Møkkapikk» før «Krabbeklo» og «Koseleg» satte punktum for nok ein vellukka fjellparkfestival. 

Bjørn Hellfuck, Fjellparkfestivalen, Flekkefjord. Foto: Svein Erik Nomeland
Bjørn Hellfuck, Fjellparkfestivalen, Flekkefjord. Foto: Svein Erik Nomeland

Sjå fleire bilete:

  • Deafmazjin, Fjellparkfestivalen, Flekkefjord. Foto: Svein Erik Nomeland

  • Tønes, Fjellparkfestivalen, Flekkefjord. Foto: Svein Erik Nomeland

  • Jubb, Fjellparkfestivalen, Flekkefjord. Foto: Svein Erik Nomeland

  • Gjenfødt Kultur, Fjellparkfestivalen, Flekkefjord. Foto: Svein Erik Nomeland

  • EDEL, Fjellparkfestivalen, Flekkefjord. Foto: Svein Erik Nomeland

  • Kristi Brud, Fjellparkfestivalen, Flekkefjord. Foto: Svein Erik Nomeland

  • Drakånis, Fjellparkfestivalen, Flekkefjord. Foto: Svein Erik Nomeland

  • Bjørn Hellfuck, Fjellparkfestivalen, Flekkefjord. Foto: Svein Erik Nomeland

Legg igjen en kommentar