Då Hardcore Superstars vart avlyst i siste liten fredag ettermiddag under Norway Rock Festival 2019, flytta Green Carnation over til hovudscena i staden for å spele i teltet som planlagt. Det kom på alle måtar publikum til gode: Green Carnation kler å stå på ei stor scene.
Av Margaretha Krug Aase

Repertoiret for dagen strakk seg frå dei aller tidlegaste låtane til flunkande nytt materiale. Dei byrja med den nydelege «My Dark Reflections of Life And Death» frå 2000, og heldt fram med perle etter perle frå ulike epokar i bandet sin lange karriere – nokre av dei i heilt ny drakt, som til dømes «Sweet Leaf» frå 2001.
Den heilt nye låta «Sentinels of Chaos» skilde seg ut; ikkje berre fordi han var heilt ny, men fordi han var strålande i seg sjølv. Han kjem forhåpentlegvis, om alt går etter planen, ut på EP til neste år, og me gler oss allerede.

Det er tydeleg at gutta i Green Carnation veit hva dei driv med, og at dei har perfeksjonert kunsten sin til det tilnærma perfekte. Vokalist Kjetil Nordhus (ja, han med stemmen av varm fløyel), har ei så vennleg, raus og sterk utstråling frå scena, at det er rein musikkfryd å liggje i graset og nyte melodi etter melodi. Dette er progressiv venleik og djupsindig songskriving på sitt beste.
Musikalsk sett speler denne konserten på mange av dei same strengene som torsdagen sitt siste band «Dark side of the Wall» (Pink Floyd tribute). Der sistnemnde til tider mangla den udefinerbare X-faktoren, skein Green Carnation skimrande vakkert nettopp på dette magiske elementet. Konserten sveva på ei flytande rørsle av taktskifte, tempoveksling og stemningsbilete. Melodiane velspelte, skjøre og kraftfulle på same tid, musikken tung og intens – men likevel klarte dei å balansere det mørke med det ljose også denne gongen. Dei som kjenner til albumet «Light of day, day of darkness» kjenner kan hende igjen den poetiske undertona frå tittelen i alt det bandet gjer. Her viste dei styrken sin: desse finurlege og særs gode dynamiske skifta som gjer dette til eit av dei aller, aller beste live-banda me har i Noreg.

Det er synd eit av dei større banda måtte melde avbod denne fredagen, men gjengen i Hardcore Superstars kan med godt samvit vike plassen for ei så sterk framsyning. Green Carnation står utan tvil så langt som festivalen sitt vakraste eventyr.
En kommentar om “GREEN CARNATION – sumarens vakraste eventyr?”