NIGHTWISH – eit naturromantisk nattønske

Tekst: Margaretha Krug Aase / Foto : Svein Erik Nomeland

Nightwish var eitt av banda mange hadde sett fram til å sjå fredag kveld under Norway Rock Festival 2018. Det finske bandet som verkeleg slo gjennom tidleg på 2000-talet hadde først Tarja Turunen som frontfigur med si sterke opera-skolerte røyst. Bandet fekk nok ein stor tilhengjerskare basert på hennar massive, kraftige (og nokre vil kanskje påstå tidvis utrente) operavokal. Då bandmedlemmane røyk uklare i 2005, forlét Tarja bandet. Etter mykje fram og tilbake fekk dei inn Anette Olson i staden. Diverre var ikkje den heller puslete, meir anonyme stemma hennar i nærleiken av eigenarten i stemma til Tarja, og fansen delte seg i to leirar: Dei ihuga Nightwish-fansa som heldt på Tuomas sin visjon om Nightwish uavhengig av vokalist, og dei som meinte at operavokalen til Tarja var heile poenget med bandet.

Nightwish_2018_©_Copyright_Artistfoto.no_010
Vokalist Floor Jansen
Nightwish_2018_©_Copyright_Artistfoto.no_039
Floor Jansen

Uansett kor ein står i forhold til valet av ny kvinneleg vokalist i kveld (Floor Jansen, nummer tre i Nightwish-rekka og tidlegare kjend frå After Forever) så hadde det ingenting å seie for resultatet under konserten i Kvinesdal fredag kveld. Resten av bandet stilte mannssterke og var stort sett dei same, gamle som dei alltid har vore. Bassist Marco Hietala stod for mannlege clean vocals, og delte scena med gitarist Emppu Vuorinen, altmoglegmann Troy Donockley og trommis Kai Hahto. Ryggraden i bandet, Tuomas Holopainen, hamra laus på keyboardet i rein entusiasme frå start til slutt.

Nightwish_2018_©_Copyright_Artistfoto.no_076

Bandet kom med to store trailarar fullasta med utstyr, og det kom verkeleg publikum til gode i kveld. Konserten var ein lang, snirklete «trip down memory lane», som vokalist Floor Jansen sa, og byrja med den slitesterke, massive «End of all hope». Herfrå geleida eit sammensveisa og samspelt band publikum gjennom mellom anna «I wish I had an angel», «Wanderlust», «Gethsemane», «Nemo» og «Amaranth». Det flauma stramt, variert og heilstøypt ut over sletta. Låtane satt som dei skulle, spesielt var dei gamle slagerane plettfrie og ei sann glede å høyre på. Utstyret dei drog med seg gjennom Skandinavia kom til sin rett i mørket her under fjella; naturromantiske bilete, illustrasjonar og tekst flimra over scena akkopagnert av eit knallbra lysshow og akkurat nok pyroteknikk til å halde publikum varmt i kjølen.

Nightwish_2018_©_Copyright_Artistfoto.no_083
Fra venstre: Emppu Vuorinen og Marco Hietala

Nightwish_2018_©_Copyright_Artistfoto.no_036

Tumoas, ein mann som ikkje legg skjul på at han er sterkt inspirert av filmmusikk, skriv óg det meste av materialet. Det symfoniske, filminspirerte draget kjem fram i alle melodiane deira, og melodisk – det var settet frå ende til annan. Ein av dei siste låtane » The greatest show on Earth» var ein einaste lang romantisk reise gjennom alle svulstige metalsymfoniske variasjonar ein kan tenkje seg – overdådig illustrert av ein filmsekvens verdig National Geographic i beste sendetid. Under «I want my tears back» blei det reine alldansen foran scena, og den litt mørkare «Slaying the dreamer» sørgde for eit skikkeleg heavy avbrekk med nok pyroteknikk til å brenne ned heile Kvinesheia endå ein gong. Nightwish veit kva dei driv med, og til tross for at Floor ikkje har samme trøkken i røysten som Tarja – noko ein kanskje sakna under dei tyngste, mektigaste låtane – så er heilskapen likevel staut, sterk og velfødd. Nightwish er eit band verdt å få med seg!

Nightwish_2018_©_Copyright_Artistfoto.no_001

Denne bildekrusellen krever javaskript.

En kommentar om “NIGHTWISH – eit naturromantisk nattønske

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s