Tekst: Margaretha Krug Aase / Foto: Svein Erik Nomeland
«Sørvestleg bris, frisk bris på kysten. For det meste skya. Stort sett opphaldsvêr» spådde yr.no i dagane før Norway Rock Festival. «Hah, as if,» tenkte nok mange av dei meir erfarne Kvinesdal Rock-veteranane. Regn, kulde og ein halvmeter gjørme er nok dessverre det sumarvêret som har prega festivalen i løpet av dei meir eller mindre ti åra han har eksistert, ikkje strålande solskinn og opphaldsvêr.

Det såg ut til at pessimistane fekk rett denne gongen òg, i alle fall om ein skulle dømme etter fredagen. Det som byrja med lett yr enda opp i ei kald og våt avslutning på kvelden. «Stakkars alle dei som søv i telt,» tenkte underteikna i det ho køyrde forbi campen fredag kveld. Dei orda måtte både ho og resten av pessimistane bite i deg neste morgon. Fuglane song, sola steig opp over dalen og festivalen byrja å vakne til liv. Vêrgudane smilte endeleg til Norway Rock Festival 2017.
Siste festivaldag er i gong
Det er vel eit velkjend fenomen på dei fleste festivalar at det herskar ei heller laber stemning under dei første konsertane på formiddagen. Det var heldigvis ikkje tilfellet denne dagen. Metalwox sparka i gang dagen med ein solid dose slagarar som verkeleg satte tona for den siste festivaldagen. Metalworx trong ikkje ta til takke med det sedvanlege glisne publikummet, som anten er så slitne etter gårdsdagens festivitas at dei ikkje orkar lee på seg eller dei som enno ikkje har kome seg i partystemning. Det er vel få stader i verda låtar som «Welcome to the jungle» og «Run to the hills» passar betre til enn nett Norway Rock: Festivalområdet ligg naturskjønt til inst i ei fjord og er omkransa av vill, norsk natur og høge fjell. Begge dei to første banda – Metalworx og semi-lokale Sublime Eyes – var reale oppturar. Der førstnevnte sleit med å dra stemninga i gong på Rocke-kickoff i Kvinesdal sentrum på torsdag kveld, hadde dei i dag eit livlegare publikum og ei godstemning som var på stigande kurs. Sublime Eyes leverte også til fulle. Pent vær, forventningsfulle festivaldeltakarar og ein stødig lineup sørga for ei god oppleving utover dagen.
(Nesten) noko for einkvar smak
For dei som ikkje har hatt gleda av å delta på Norway Rock før, så er det verkeleg ein festival ein bør få med seg; i alle fall om ein er ute etter ei godhelg med øl, fjell, heilnorsk natur og pur rockeglede. Då Artistfoto.no sjekka stemninga hos nokre av festivalgåarane, var det likevel eit par av dei som sakna ein meir vidtfamnande lineup. Nokre sakna tyngre og mørkare band. Eit heilnorsk black metal-band eller eit hissig death metal-band hadde kanskje gjort seg i det dramatiske landskapet (og kanskje endå meir dramatiske vêret)? Andre sakna større artistar som i tidlegare år. Sjølv om festivalen ikkje kunne smykke seg med dei heilt store namna i år, var det kan hende like greit siden det tidlegare òg har vore grunnen til at festivalen gjentekne gonger har gått i full økonomisk krise. Lineupen var likevel variert og fullt spiseleg, på tross av at den nok var hakket meir tilbakehalden enn før. Det såg ikkje ut til at det hadde nokon verdens ting å seie for dei som hadde troppa opp i dalen desse to dagane. Spesielt for den heilt særegent trufaste Seigmen-fansen: her kunne nok ikkje alle banda i heile verda gjort opp for det mange meinte var den mest magiske utekonserten bandet har hatt til no.
To eller tre dagar?
Ei anna sak som dukka opp hjå fleire var at festivalen burde vore over meir enn to dagar. «Ein treng jo litt tid på å kome seg i gang,» fekk me høyre, og det stemmer nok kanskje. Med ein ekstra dag ville festivalen kunne lokka til seg dei deltakarane som unngjekk å reise til Kvinesdal fordi «Det er jo berre for to dagar». Og når sant skal seiast, så er det vel heller ikkje nødvendig å ha den heilt store lineupen første dagen. «Torsdagen er jo berre for å kome seg i gang,» som nokre sa.
Frå Metalworx gjekk det slag i slag; via Sublime Eyes, Masterplan, Pagans Mind og Krokus for å nevne nokre. Då Artistfoto loddet stemninga utover kvelden var dei spurde bokstaveleg talt delt i to leirar: Halvparten gledde seg vilt til In Flames, den andre halvparten venta spent på å sjå om Kvelertak leverte som dei plar gjere. Og det gjorde dei energiske Stavanger-gutta til gangs. For dei av lesarane som ikkje har fått med seg Kvelertak: No veit de kva band de skal kjøpe billett til neste gong
Noko å varme seg på i kulda?
Svenske In Flames var headlinere laurdagen, eit band med ei trufast fanskare som famnar både dei «gamle» lyttarane og dei unge håpefulle som vert kjent med bandet via dei litt lettare og nedtona albuma som har kome i seinare tid. Med det namnet kunne ein jo håpe at ein fekk noko å varme seg på i nattekulda uansett om ein er årelang fan eller berre nysgjerrig på om dei var like bra som førre gong dei spelte på rocken.

Bandet, med vokalist Anders Fridèn i spissen, serverte eit velvald knippe hits frå sin godt og vel femten år lange karriere, der låtar som «Only for the weak» og «Take this life» var klare höjdare. Til tross for at dei var headlinarar og festivalen sitt siste band ut på storscena, klarte dei nok dessverre ikkje å etterlate Norway Rock med det heilt store klimakset. Nokre vil nok heller påstå at konserten helte meir mot det antiklimaktiske, der heilskapsinntrykket var «heilt greit, men ikkje meir enn det måtte vere». For dei av oss som såg fram til ei heidundrande avslutning, viste dessverre ikkje In Flames seg frå si mest karismatiske side denne gongen. Konserten var vel gjennomført, men i kveld vart det nok litt for tydeleg at bandet har vorte såpass stort at dei dreg publikum like mykje på sjølve namnet enn på tilstadeværing og iver. Når sant skal seiast skal det nok ein del til for å varme opp eit såpass frosent publikum. I år, som i fjor, var det bikkjekaldt dei siste par timane, og det var kanskje noko av grunnen til den heller stilleståande konserten. For vokalisten, i det minste. Dei andre bandmedlemmane og ikkje minst moshpiten, gjorde sitt til at dei fleste klarte å halde varmen. Det var ikkje tilfellet med vokalisten, han påpeikte fleire gonger at han var kald og det virka ikkje som om han hadde den heilt store begeistringa og gløden ein forventer av headlineren. Det gjorde nok heller ikke saken så mykje betre at dei fekk lydproblemer halvvegs i settet då vokalen falt heilt ut. Herr Fridén såg sjølv ut til å flate ut til tider og var nok både kald og tidvis uinspirert. Han oppfordra ikkje akkurat publikum til å ta helt av der han sto med henda i lommene på allværsjakka si medan han fortalde publikum at «det er så kaldt at hvis jeg var en av dere ville gått hjem for lenge siden». Det tok seg heldigvis opp etter kvart, og mot slutten var stemninga høg og moshpiten vart ein real circle pit med sveitte, lukkelege tilhøyrarar. Då konserten var over, såg dei fleste ut til å vere nøgde med både konserten og kvelden generelt, og mange av dei oppmøtte gjorde som Fridén sjølv proklamerte dei skulle gjere: «No skal me berre gjennom eit par sangar til så skal me av scenen og varme oss på sprit.»

En kommentar om “Artistfoto lodda stemninga på Norway Rock Laurdag!”