Det er laurdag kveld, det er seinsumar, det er varmt og det er heilt ubeskriveleg herleg å endeleg kunne gå på konsert igjen. Trass i restriksjonar, kjennest det nesten normalt å booke ein billett til Teatret i Kristiansand, ta med seg godt selskap og setje seg forventingsfullt i salen for å oppdage nye, norske artistar ein ikkje kjende frå før.
På scena denne laurdagskvelden står det ingenting anna enn eit bord, ei bok og ein gitar. Nokre minutt etter konsertstart spaserer ein mørkhåra, tynn sørlending opp i rampelyset, dreg fram gitaren, og byrjar kvelden med ein handfull rolege viser om dei nære og kjende ting. «Dette ser ikkje ut som Axel Frønes,» tenkjer eg i mitt stille sinn, og det er det då heller ikkje. Mannen på scena er kan hende kjend for mange sørlendingar, men ikkje for ei som svært sjeldan sett sine bein i Dyreparken. Det er nemleg Ole Alfsen – ein lokal skodespelar som har vore både Marco og Pinky i Kaptein Sabeltann-showet i mange år. I kveld varmar han opp for Frønes, og syng om kvardagslege ting som alle kan kjenne seg igjen i; Frå å vere forelska til å savne mor si.
«Ole har ein sånn stemme som æ’ har lyst på, men aldri får» er noko av det første Frønes seier då han kjem på scena etter at Alfsen har varma opp publikum. Men Axel Frønes – instagramkjendis, kvardagspoet og visesongar – treng på ingen måte ønskje seg noko anna enn det han har. Stemma hans tonar varmt ut til kvart einaste hjørne og hjarte i rommet, og det er berre å lene seg tilbake og nyte ein triveleg kveld med gitarklimpring, anekdotar og visesong.
Kvar låt og kvart blikk er usminka, enkle og ribba for glitter og stas. Musikken og tekstane til den blåauga, lyslugga trønderen er minimalistiske, likefram og dønn ærlege. Han er opptatt av dei nære ting, av relasjonar og av å sjå kvart enkelte menneskje. Det er daglegdags og uforfalska, samstundes har tekstane eit djup og ein klang som gjer meg lyst til å skru tida tilbake og høyre dei ein gong til, fordi eg fekk ikkje med meg nett kor djupt det faktisk gjekk.
«Du som ikke ble valgt
ut på fotballaget
hva så
du har garantert et annet mål
som ikke er så firkanta som det
der»
Det finst mange instagrampoetar, og det er ikkje alltid talet på følgjarar seier noko om kvaliteten på innhaldet. Axel Frønes er eit unntak. Kvaliteten i det han skriv er på alle måtar verdt å få med seg. Han klarer med ei handfull ord å gripe essensen i det aller næraste, såraste og vakraste med å vere menneskje.
Både i dikta sine, men og på scena leverer han hjartet og sjela si til publikum – utan pynt, utan mellomlegg. Musikken er brukarvennleg, tekstane daglegdagse og uforfalska. Det slår meg at Frønes er tvers igjennom eit godt menneskje. Nøktern, beskjeden, varmhjarta, blottstilt og rotekte. Verda treng fleire som han.
«Den klemmen du ikkje fikk i fjor
Har vokst seg enormt stor»
Se meir på: instagram.com/axelfrones