Konsert med Hilde Selvikvåg i Knaben gruver, sundag 29.09.2019.
Inn i mørket
Det er håplaust å sjå noko som helst i dei kolsvarte gruvegongene når publikum famlar seg fram mellom klappstolar for å finne seg plass. Det er kulsent og det er rått, berre ni grader, seier nokon. Kulda sett seg i andletet og føtene – siv opp frå gruvegongane i kjølege gufs. Ein kan ikkje sjå kor langt inn i fjellet dei mørke korridorane strekk seg i ljoset frå scena, men ein kan kjenne det i sjela om ein fylgjer raden av nakne lyspærer som snor seg innover i djupet.

No er det ikkje anna å gjere enn å vente.
Det drypp frå taket, skin i steinveggar, og publikum sitt stille og ventar på at noko skal kome ut frå mørket. Dette er unikt. Nær seksti menneskje kjem rett inn i mørket frå det sølvskarpe dagsljoset og dei flammande haustfargane i naturen utanfor. Frå desse intense sanseopplevingane kjem ein inn hit – til den vesle scena som er snekra saman av to treplater i ein naken gruvegong med støvete, gløymde treboksar og gamle gruvereiskapar langs veggane. Dette tomme rommet med eit lite raudt keyboard på scena er sjølve essensen av ordet «spartansk». Dette er fyrste konserten nokon sinne her inne i gruva på Knaben. Kan Selvikvåg med sitt einslege, enkle instrument vekkje det frosne fjellet og varme dei som sitt her og venter på noko ingen i verda har vore vitne til før?

«Drømme du om livet, så drømme livet om deg»
Draumen om å spele djupt inne i eit fjell vart fødd då Hilde Selvikvåg køyrde gjennom Lærdalstunnelen for ei stund tilbake. Ho var i planlegginga av ein ny turné der ho ville opptre på stader ho alltid hadde drøymd om å spele. På ei turneliste milelangt utanom det vanlege står mellom anna Loen Skylift, Alnes fyr på Godøya, togkapellet på Åndalsnes og Sognefjellshytta på Sognefjell på plakaten denne hausten. Hilde er utan tvil ein smart artist. Ho vel utradisjonelle scener å spele på, samstundes som ho veit å bruke kommersielle plattformar som til dømes Idol-konkurransen på TV2 til å syne seg fram. Med ein kombinasjon av god timing, musikalsk dugleik, mot og kan hende ein porsjon flaks, så har ho til nå vist at ho veit korleis ho skal grave seg ut ei eiga hylle å stå på i norsk musikklandskap. Og når det kjem til graving: Ho har absolutt gjort eit klokt trekk i å velje seg Knaben gruver som bakteppe for tre konsertar på same dag. For draumen om å spele i eit fjell slapp ikkje taket, trass i dei andre eksotiske scenene ho fann seg. Ho bad fansen om hjelp til å finne sitt heilt eige fjell å spele i, og fekk til slutt tips av vennlege Facebook-fylgjarar om Knaben gruver.

Historisk sus i gløymde gruver
Knaben er ein tidlegare gruvelandsby med ei spesiell historie. Staden var eit av dei viktigaste strategiske områda for stormaktene under andre verdskrig. Det var ein av få stader i verda kor ein fann molybden forhaldsvis lett tilgjengeleg for våpenproduksjon. Gruvene var under tysk herredømme fram til etter krigen, og ein held fram med produksjonen under norsk flagg fram til ein la ned drifta for godt på syttitalet. Sidan då har folketalet minka, men turistbesøket auka. Knaben ligg på høgfjellet, og naturen er slåande vakker. Endelause toppar strekk seg utover heiene mot Setesdal og ned mot fjella kring Kvinesdal, og sjølve Knaben gruver ligg rett attmed ein innsjø av sand – synlege restar frå molybdenutvinningsprosessane.

Med ein kjærast frå området og barndomsminne frå staden, vart valet enkelt for Selvikvåg. Saman med Knabens venner og Destinasjon Knaben planla ho ein einskild konsert i slutten av september. Sånn skulle det ikkje gå. Den fyrste konserten vart utseld på nokre få minutt. Dei sette opp ein til, men då den vart utseld like raskt, tok dei ein sjans og la til endå ein ekstrakonsert same dagen. Det tok ikkje lang tid før billettane til den tredje forsvann heller. Og det er lett å sjå kvifor. Settinga er unik, ideen var genial.

Bergtatt av ei pop-prinsesse
Utan eit ord, men med eit umiskjenneleg skakt smil, stig ho endeleg opp på scena og glir inn i songen «Eg vil ha deg mæ mæg». Songen glir som svart, mjuk fløyel over publikum, mellom stolane, inn i stilla som søv i gruvegongene. Her har det vore stille sidan 1973 då den siste arbeidaren gjekk ut dørene og la att hjelmen sin. Og no er ljoset og lydane tilbake igjen i form av ei vennleg, blyg, lita raudhåra Jær-jente som syng hjartet sitt tomt og fullt på same tid føre oss. Det er stort, sårt, tett, trongt, gufsete og magisk. Hilde Selvikvåg tek ordet «intimkonsert» til eit nytt nivå denne sundagen siste helga i september.

Selvikvåg er ein solid musikalsk handverkar. Ho meistrar melodi, stemme og tangentar med vande fingerspissar frå fyrste til siste song. Ho syng om tidlause tema, om livet og døden og alt som finst imellom. Setlista er stort sett henta frå det nyaste albumet. Unntaka er den heilt nye låta «Mine store» – ein hyllest til foreldra hennar, og det siste ekstranummeret «Slå ring» som ho framførte på programmet «Hyllest til Jahn Teigen» då han fylte 70 år.
Se fremførelsen av Slå Ring fra konserten:
Og det er bra. Verkeleg bra. Det kling så inderleg vel der inne i fjellgangen kor publikum sitt stille og lyttar til tonar i ei verd utan klokke, utan tid, utan verda utanfor.
Enkle tonar i ei komplisert verd
Musikken hennar hamnar ein stad i landskapet mellom enkel, rein pop og visesong med undertonar av jazz, spesielt i det tidlege låtmaterialet. I 2015 vart ho Spelemannsnominert, og då ho slapp albumet «Fanga heile verden» i 2018 vert ei heil rekkje av låtane radiolista på kort tid, der «Karusell» nok er den som hausta mest speletid på lufta.
Se sangen «Karusell» som vi filmet fra konserten på Knaben:
Eigentleg er ho utdanna lærar (adjunkt utan opprykk, som ho passa på presisere då ho presenterte seg sjølv for publikum), men no er ho musikar på heiltid. Det er tydeleg at Selvikvåg har eit stort hjarte, og at ho ynskjer å dele det. Ikkje berre er ho ein av dei mest ærlege, autentiske artistane som finst på den norske stjernehimmelen i dag, men ho brenn også for å gjere meir enn å berre tene pengar på musikken. Ho legg mellom anna til konsertar på dagsentre og eldreheimar langs turnévegen, og inntekta frå merch-en hennar gjeng til arbeidet for demenspasientar. Kvar song har sin eigen historie, og kvar forteljing ho delar med publikum har si eiga gjenkjennelege nerve, hjarte og bodskap.
Låtane hennar er melodiøse, nedstrippa og tidvis svært fengande. Dei små, heimlege historiene ho fortel undervegs speglar tekstene hennar. Alt med ho er så ærleg, enkelt og kvardagsleg at ein kan la seg lure til å avfeie ho som ein grunn, inkjeseiande pop-wannabe utan ordentleg substans. Då tek ein feil. Det er til tider veldig enkelt på grensa til simpelt, men materialet dreier seg samstundes om alt det hjå oss menneskje som er så veldig komplisert og vanskeleg likevel. Låta «I min hage», til dømes, seier ho sjølv er det mest personlege ho ha skrive til no. Han handlar om kor vanskeleg det er å halde på kjærleiken, og kor hardt ein må kjempe for å la han gro seg stor og sterk.
Se fremførelsen av sangen «Erlend»:
Særeige språk
Selvikvåg sin musikk er sentrallyrisk i lett forståeleg språkdrakt. Dei mest trivielle historiene om støttestrømper, dårlege engelskkunnskapar og keisemda i å vente i pizzakø, famnar på same tid det største i oss menneskje: einsemd, håp, kjærleik, frykt og draumar. Men kvifor syng ho på norsk, og ikkje engelsk? Aller mest fordi ho er så glad i jærdialekta, meiner ho sjølv. Ho likar rett og slett å skrive på norsk. Men og fordi ho eigentleg er frykteleg dårleg i engelsk. Synd for dei rundt om i verda som ikkje skjønar kva tekstene handlar om, men absolutt ikkje synd for dei som kan nok norsk til å forstå kor godt tittelen «Anemone» passar på den vesle blomen som er så vakker når han er i sitt rette element, nett slik artisten sjølv blømer i sin eigen, særeigne prakt åleine på ei scene ikledd rutete bukser og blå arbeidarhjelm. Hilde Selvikvåg er meir enn berre ei «pop-berte» frå Vestlandet, ho er ein dyktig artist med eit vent anemone-hjarte av gull.
Se sangen «Anemone»:
Det er rett og slett vakkert alt saman. Mørket i gongene mot det sølvkvasse haustljoset utanfor. Den mjuke stemma mellom dei harde, kalde steinveggane. Den uskuldige songen mot det ugjestmilde rommet. Og alt klaffar.
Dette er ein popdraum i eit mørkt fjell. Dei er heldige, dei som har fått dansa karusell med Hilde her på Knaben i dag.