HYPNOTISK HIGHASAKITE
Highasakite headliner torsdagskvelden på Ravnedalen Live 2026. Etter ein rekordvarm sumardag og steikande sol senkjer endeleg både temperaturen og skuggane seg over det eventyrleg vakre festivalområdet. Ut or skumringa og skuggene på scena stig eit utanomjordisk vakkert vesen fram. Det er Ingrid Helene Håvik, den karakteristiske vokalisten og frontfiguren i det norske kritikarroste musikkfenomenet Highasakite.
I ein klasse for seg sjølv
Håvik beveg seg som ein sirkusartist, ei filmstjerne, ei musikkprestinne – magnetisk og eterisk. I raude, flaumande klede dansar og syng ho seg fram som eit eterisk, mytisk vesen i det skimrande lyset.Det er ein heilt anna klasse over Highasakite enn dei andre framsyningane me har sett så langt i Ravnedalen i kveld. Alt ved denne konserten er intenst og melodiøst. Lydbiletet er rikt og komplekst, sceneshowet sexy og sensuelt, kvart einaste sekund er velkomponert og perfekt koordinert. Highasakite er eit band i verdsklasse, og live er dei suverene. Alt ved dei er rett og slett suverent.

Hypnotisk høgkvalitet
Det er sjelfullt og stemningsfullt, mystisk, melodisk og teatralsk. Håvik er hypnotisk vakker i blodraud kjole, bada i blodraudt lys. Barbeint badar ho i eit basstungt musikalsk driv, og ho har ein gudegjett evne til å dra fleire tusen menneskje med seg inn i eit unikt musikalsk univers. Å oppleva kunstnarisk kvalitet av denne kaliberen er verdt heile dagspasset i seg sjølv. Og sjølv om du ikkje er fan av musikken: Få dei med deg Highasakite live. Dei er eineståande, kort og godt

Se resten av bildene:
TIDLAUS BERTINE ZETLITZ
Det er mange år sidan eg høyrde noko frå Bertine Zetlitz. Minner frå tidleg 2000-talet av eit rufsete kvitt hår, poppete melodiar med åttitalsvri og isblå ulveauge flimrar over netthinna mi. Eg var aldri nokon VG-lista topp 20-lyttar, men det var ikkje å kome frå at Bertine Zetlitz var dronninga av norsk pop i mange år. Det skal godt gjerast å ikkje kunne i alle fall deler av refrenga på hiter som «Adore you» og «Twisted little Star» uansett kor gamal eller ung du er.

Tidlaus nostalgi
«Never had a girl like you» syng ho, og publikum legg stemma sine over røysta hennar. Det er nok mange i publikum som hugsar låtar som denne frå vorspiel for tjue år sidan. Nostalgikortet har sannsynlegvis betalt billetten for ein del av dei frammøtte i kveld. «Tid er ikkje lineær,» seier Zetlitz frå scena, og tek dei frammøtte med på ei musikalsk reise frå debutalbumet sitt frå 1998 gjennom comeback-albumet frå 2012 til notida sitt nyaste låtmateriell. Minna eg har frå Zetlitz back in the days lyg ikkje. Ho er framleis en senete, smidig alv med ein særeigen stil. Ho er framleis den norske popdronninga med overnaturleg, blått blikk.

Bertine Zetlitz har vakse seg stor i løpet av sin lange karriere. Ikkje i høgda, altså, ho er framleis ein liten, karismatisk alv med eit intenst blikk som kan skrelle sjela di frå ryggmargen – men i kvalitet og komposisjon har tida gjort ho godt. Med seks engelske og eitt norsk album bak seg og ein forfattardebut i tillegg, så har ho klart å raffinere det musikalske uttrykket sitt til eit imponerande nivå. Sjølv for dei yngste i publikummet som verken såg Zetlitz som programleiar i «Midt i smørøyet» på tidleg nittital, eller hugsar korleis hitane hennar herja VG-lista på tidleg 2000-tal, så er dette verkeleg bra. Med oppimot 30 grader celsius i skuggen og dovent sumar-øl i glaset, leverer Bertine Zetlitz ein perfekt popkonsert. Det er ikkje utan grunn at Bertine Zetlitz ikkje forsvinn frå den norske pophimmelen: Ho har ein uhyggeleg evne til å komponere refreng som klistrar seg fast i mange år. Og nett som han gjorde way back then: avslutningslåta «Sweet Like Candy» sett seg fast i hjernebarken og nektar å gje slepp. Og det er eigentleg heilt greitt.
PUSETE PASTELLPOP: ESPEN LIND
Dei første bileta Artistfoto tok av Espen Lind i Ravnedalen var heilt attende i 2009. Det er ikkje mykje som har forandra seg sidan den gongen, anna enn utsjånaden. Låtmaterialet er tilnærma det same, lydbiletet like så, låtmaterialet er spekka av hits frå glanstida og perlene frå debutalbumet «Sway» frå 1995 kjem på rekke og rad.
Smørblid sørlandsstemning
Espen Lind leverer det han skal. I pastelldress med pastellgrått skjegg etablerer han sin musikalske og rutinerte musikkatalog. To smørblide koristar backar han med kvite smil og ei lett bibelbelte-aktig lovsang-feeling i bakgrunnen. Eg høyrer nokon seie koristane har vore med i Idol, men får det aldri verifisert. Med seg på scena har han i tillegg eit knippe samkøyrde spelemenn som veit å traktere sine instrument. Eg sit likevel igjen med ein bismak av å ha ete noko dynka i kunstig søtningsstoff; Det smakar nesten som ekte sukker, men innhaldet kjennest kjemisk framstilt med ein smak av aspartam. Det er ein grei konsert, altså, men alt er i overkant lettservert og ultraprosessert.

Power ballads-pop
Eg tar meg sjølv i å gruble på kor dette materialet hadde passa best, og kjem fram til at det hadde vore perfekt pausemusikk på ein romantisk hotellferie medan du venter på at pus skal verte ferdig på badet, eller som ein nordnorsk Power Ballads-versjon med eit par glas vin førre peisen på eit litt cheesy bjørneskinn. Eller som partyliste på utdrikkingslag for nokon som var unge i 1999.
Masete og kjedeleg? Tannlaust og tafatt? Mnjaaa… Vel gjennomført kledeleg sumar-pop i rette omgjevnader er vel heller rett å seie. Espen Lind er utan tvil musikalsk med eit rutinert talent, men manglar kan hende litt spenst. Det er i overkant strukturert og strigla, til og med litt såpeglatt, men i aller høgaste grad radiovennleg og allsangbart. Han fenger folkemengda med koordinert «Na na naaaa»-ing på rette plassar, og har til og med ein søt, liten ukulele med seg på låt nummer to. Og partyfaktoren stig med kvar slager han syng, spesielt når han veljar å avslutte med den gigantiske hiten «Baby, you’re so cool». Og heilt ærleg? Ja, eg song sjølvsagt med.





























































