Fantastic Negrito, Bredalsholmen, Kristiansand (header). Foto: Svein Erik Nomeland

Då verdsklassemusikk møtte Vågsbygd: Fantastic Negrito

«Nå er dei klare,» seier fotografen. Me står lent inntil nokre betongblokkar langsmed veggen på Bredalsholmen tørrdokk. «Dei står bak der.» Eg skummar gjennom Wikipedia-artikkelen om artisten, men rekk ikkje lese meir enn at Fantastic Negrito har vunne heile 3 Grammy-prisar for musikken sin. Og no står han og resten av bandet bak ein tøyvegg i Vågsbyd. Summinga frå publikum som sit benka rundt langborda mellom den provisoriske konsertscena og ølteltet dempar seg. Den låge, behagelege bakgrunnsbluesen frå høgtalarane forsvinn. Eg legg mobilen i baklomma, tek fram skriveblokka. Fotografen lyfter kameraet. Det er heilt stille.

Av Margaretha Krug Aase

For nokre timar sidan fekk eg ei kryptisk melding frå Artistfoto med eit svart-kvitt-bilete av ein obskur mørk frontfigur i profil. «Fantastic Negrito i tørrdokka på Bredalsholmen i kveld» stod det i meldinga. «Er du med?» Ein kvar eventyrlysten musikkjournalist med respekt for seg sjølv kan ikkje anna enn å seie ubetinga «JA!» til eit spørsmål som dèt. Med ein lett sørlandsk arroganse sett eg meg i bilen og tenkjer «Fantastic Negrito? Aldri høyrt om. Det høyrest ikkje akkurat ut som toppkvalitet.» Aldri i mitt liv har eg vore så glad for å ta feil.

Fantastic Negrito, Bredalsholmen, Kristiansand. Foto: Svein Erik Nomeland

Eit underleg, smidig mannskreatur med fjør i hatten kjem ut på scena. Han er ikkje ung, men ikkje gamal heller. Eg tippar rundt 30? 40? Mørk, smidig, merkeleg skjegg, flytande rørsler, karismatisk som fy. Eg anar ingenting om fyren. Eller er det eigentleg eit band? Ifølge Wikipedia heiter Fantastic Negrito eigentleg Xavier Amin Dphrepaulezz, og han er fødd i 1968. Det kan ikkje stemme. Har eg lest feil? Kva skjer? Kvifor er vi på eit industriområde? Og kven – eller kva – er Fantastic Negrito eigentleg?

Fantastic Negrito, Bredalsholmen, Kristiansand. Foto: Svein Erik Nomeland
Fantastic Negrito, Bredalsholmen, Kristiansand. Foto: Svein Erik Nomeland

Mystisk musikar

Artisten bak Fantastic Negrito: mannen med det underlege etternamnet Dphrepaulezz, ser ut or publikum. Granskande. Og kan hende lett overraska? Heile fyren har noko mystisk ved seg. Han tar tak i mikrofonen. Lener hovudet fram. Han skal visst ha signert ei gigantisk multimillionkontrakt med eit plateselskap på nittitalet ein gong under artistnamnet Xavier. Har spelt saman med Sting og Bruce Springsteen. Så hamna han i ei nær-dødeleg bilulukke, og skada gitar-handa si for godt. Mannen Xavier overlevde, men musikaren Xavier døydde. Kontrakten røyk. Mange år seinare oppstod han igjen under eit anna namn, i ei anna form. Og no er han her

Fantastic Negrito, Bredalsholmen, Kristiansand. Foto: Svein Erik Nomeland
Bassist i Fantastic Negrito, Bredalsholmen, Kristiansand. Foto: Svein Erik Nomeland

«Kom nærmare» seier han på norsk. «Kom nærmare.» Og publikum kjem sakte og litt forsiktig fram mot scena. Blikket mitt sveipar over bandet. Xavier sjølv ser ut til å ha teleportert hit til Kristiansand frå ei mørk og mystisk voodoo-sjappe i ein alligatorsump utanfor New Orleans. Trommisen ser ut som om han speler reggae på Jamaica – lett bakoverlent, karsleg, dreads nedover den senete ryggen, chill som f***. Keyboardisten minner mest om ein spenstig baptistpastor frå sørstatane med raud tversoversløyfe og kvitskjorte, og bassisten har noko merkeleg Limp Bizkit-aktig ved seg. Det ferskaste bandmedlemmet på gitar ser ut som han nett har fylt 14 år, og eigentleg er ein profesjonell polo-spelar. Xavier hevdar guten aldri har spela med dei før, og kom rett frå flyet til scena. Den unge gitaristen er slank og velpleia, med eit litt  unnseleg uttrykk. Ein skulle tru han viste teikn på sjenanse eller å vere mistilpassa der oppe med resten viss det faktisk er sånn at han er heilt ny, men han gjer ikkje det. Det er ein aura av sjølvsikkerheit over han, eit lett draumande drag i augo, som at han eigentleg berre venter på å kunne byrje å spele – som at det skal skje noko trolldomsaktig når han slår an første tona.

Fantastic Negrito, Bredalsholmen, Kristiansand. Foto: Svein Erik Nomeland
Keyboardist i Fantastic Negrito, Bredalsholmen, Kristiansand. Foto: Svein Erik Nomeland
Fantastic Negrito, Bredalsholmen, Kristiansand. Foto: Svein Erik Nomeland
Gitarist i Fantastic Negrito, Bredalsholmen, Kristiansand. Foto: Svein Erik Nomeland

Og det gjer det. Han grip kring gitaren, kikkar på oss. Kikkar på instrumentet. Dreg handa over metallet og gitaren svarar som ein svulstig hannkatt, og me kan ikkje anna enn å la det stå til og la han køyre på. Fantastic Negrito er i gong, og kastar oss inn i eit knallsterkt, 24 karats musikklandskap. «La la la la la laaaaa!» messar dei i molldur på fyrste låta. Melodien flyt tjukk av blues og tvistande gitarriff, djupt slagverk slår takta over ei sexy basslinje og «baptistpastoren» dreg fingra over keyboardet. Eg er ikkje den einaste som står måpande, lettere sjokkert i publikum med eit «Våttdaføkk!!!»-uttrykk i andletet. Kven i huleste ER desse folka? Og kva i alle dagar gjer dei her? Og kor er eigentleg «her»?

Fantastic Negrito, Bredalsholmen, Kristiansand. Foto: Svein Erik Nomeland
Fantastic Negrito, Bredalsholmen, Kristiansand. Foto: Svein Erik Nomeland

Ny konsertarena i Kristiansand

«Her» er ei tørrdokk i Vågsbygd – rett utenfor Kristiansand. Bredalsholmen Dokk og Fartøyvernsenter er Noreg sitt nasjonale fartøyvernsenter for verneverdige stålskip. Anlegget har røter attende til 1876 og rommar den eldste tørrdokka i landet som framleis er i drift. Til dagleg restaurerer ein historiske fartøy her på tradisjonelt vis og gamle handverksteknikker, men i forbindelse med 150-årsjubileet for verftsanlegget vart den historiske tørrdokka for første gang tatt i bruk som konsertarena. Som ein del av markeringa har arrangørane satt opp to eksklusive konserter. Fantastic Negrito spelte måndag 29. juni og Erlend Ropstad med Kristiansand Symfoniorkester (KSO) stod på scena 1. juli. Sjå meir på heimesida til Bredalsholmen

Fantastic Negrito, Bredalsholmen, Kristiansand. Foto: Svein Erik Nomeland
Fantastic Negrito, Bredalsholmen, Kristiansand. Foto: Svein Erik Nomeland

Rundt 350 publikummarar står i tørrdokka måndag kveld i slutten av juni 2026, omgjeven av maritim industrihistorie og levande kulturarv. Er det fleire enn meg her som ikkje veit heilt kva me går til? Fullriggaren Christian Radic svevar i lufta over scena og folka. Musikken blandar seg med hese måkeskrik og bølgeskvulp, sola har gått ned, men den sprukne betongstøypen under føtene er framleis støvete og varm. Amerikanarane plar seie «ignorance is bliss», men i dette tilfellet kan ein med 100% sikkerheit seie «ignorance is a gigantic miss». Hadde eg hatt litt meir audmjuk musikkintegritet, hadde eg teke med meg ei spade og ein hatt i tillegg. For etter denne opplevinga bør eg både ete hatten min og grave meg sjølv ned for å vore så musikalsk arrogant og ignorant på førehand.

Fantastic Negrito, Bredalsholmen, Kristiansand. Foto: Svein Erik Nomeland
Fantastic Negrito, Bredalsholmen, Kristiansand. Foto: Svein Erik Nomeland

Verdsklasse i Vågsbygd

«Dette er ein artist i verdsklasse» nikkar ein av besserwissarane i publikum med anerkjennande blikk. Han har rett. Dette visar seg å verte ein unik kombinasjon av musikalsk genialitet og sørlandsk sumarstemning i ei industriell setting med historisk sus. All honnør til bookingansvarleg for denne kvelden. Tørrdokka i Bredalsholmen burde vore fylt til randen.Dette er sjølve essensen av unikt. Det er ikkje til å kome frå at bandet sjølv også vert satt litt ut av lokasjonen. Dei er sannsynlegvis vand med heilt andre speleforhold og eit heilt anna publikum enn her. «This is a chill audience. Kinda like playin’ in someone’s living room» seier Xavier, og gjentek undervegs: «This is one of the weirdest concerts ever».

Men heldigvis gjer den uvanlege konteksten konserten ekstra bra. Det kan nemleg sjå ut til at bandet gjer litt opp etter kvart. Ikkje på ein resignert «eg kan like gjerne berre gje opp og gje blaffen»-måte i det heile tatt – meir som ein «me skjøner f*** ikkje kva som skjer her, så me kan like gjerne gje ALT». Og det gjer dei! Fantastic Negrito krydrar mellomromma mellom songane med ville historier frå turnéar og livet, fortel lettbeint og alvorstungt om utruskap og dødsfall, om beinhard oppvekst og valdelege kår, om drap og gravferder og om å prøve å få vakre japanske jenter til sengs utkledd som samurai. «Son of a broken man», som òg er tittelen på eit av albuma, handlar om korleis det var å verte unnfanga av ei fattig mor på 30 og ein eldre kar på 63.

«I’m of old sperm» spøkar han, men alvoret bak ytringa ligg i melodien, i teksta, han vrenger sjela i songen om då faren slutta å snakke med han for godt då han var 12. «That’s california lovin’», seier han, og det er ikkje den einaste songen som er mørk. Xavier Amin Dphrepaulezz er fødd som unge nummer 8 av 15. Ein av brørne vart drepen som 14-åring, og ei av låtane handlar om det. «In the pits» tek publikum attende til slaveriet si tid, «Plastic Hamburger» er ein kritisk kommentar til dagens USA.

Fantastic Negrito, Bredalsholmen, Kristiansand. Foto: Svein Erik Nomeland
Fantastic Negrito, Bredalsholmen, Kristiansand. Foto: Svein Erik Nomeland

Trivelig publikum i fornuftige sko

Trass i at den musikalske kvaliteten er utan sidestykke i Kristiansand i kveld, kunne med fordel publikum ha respondert litt betre (og litt meir!) Fantastic Negrito må jobbe godt for å få dampen opp i Laban seigmann-sørlendingane. Det er mange lesebriller som kjem på plass når mobilane kjem fram og konserten skal dokumenterast på Facebook. Publikum er med andre ord ikkje dei helst yngste, for å seie det med sørlandsk underdriving. Dei fleste har benka seg på medbrakte sitteputer langs langborda (som i seg sjølv gjer alt ei litt merkeleg Oktoberfest-feeling – ikkje rart vokalisten ikkje veit heilt kva han skal gjere med dei heile i kveld), og alt i alt er det ei veloppdragen stemning i dokken.

Fantastic Negrito, Bredalsholmen, Kristiansand. Foto: Svein Erik Nomeland
Fantastic Negrito, Bredalsholmen, Kristiansand. Foto: Svein Erik Nomeland

Her er det ei god blanding lett sjanglande, godt vaksne folk i fornuftige spasersko. Heldigvis har arrangørane fått innvilga servering (dog utan kaffi!), så stemninga stig i takt med promillen. Etter kvart kan ein sjå nokre spenstige sprell i det som er bibelbeltet sitt svar på ein moshpit (sjå for deg parkeringsplassen foran bedehuset ein tidleg sundag heller enn kaos-mølja førre scena på ein Turbonegro-konsert). Fleire publikummarar i kreative hatteplagg og fancy antrekk svingar seg føre scena. Det rykkjer godt i rockefoten til stort sett alle i dokken, og dei fleste nikkar (dog noko andektig) med hovuda. Det vert til og med både pardans og vrikkedans i tidlegare nemnde fornuftige sko når publikum fyrst har varma seg opp.

Fantastic Negrito, Bredalsholmen, Kristiansand. Foto: Svein Erik Nomeland
Fantastic Negrito, Bredalsholmen, Kristiansand. Foto: Svein Erik Nomeland

Alt er betre live

Det er ikkje ofte eg er borti artistar som gjer seg så mykje betre live enn på plate, men Fantastic Negrito er ein av desse. Ein kan prøve (som eg gjorde etterpå) å bli trollbunden av same stemning frå studioalbum eller live-plate, men det kan ikkje samanliknast med energien som kjem fram live. Eg undrar meg over at dei er same musikken til tider. Det er på ingen måte for å seie at Fantastic Negrito gjer ein dårleg figur på plate – på ingen måte – men det gjer seg berre så heilt ubeskriveleg bra live. For dette er faktisk ein artist i verdsklasse. Overgangane mellom låtane er saumlause, dei missar ikkje eit taktslag, alt groover, Xavier er magnetisk, melodiane mektige og framføringa magisk – totalpakka er berre så helsikes KUL! For å bruke slitne klisjear og oppbrukte uttrykk: Stemninga er elektrisk, framføringa ubeskriveleg.

Fantastic Negrito, Bredalsholmen, Kristiansand. Foto: Svein Erik Nomeland
Trommis i Fantastic Negrito, Bredalsholmen, Kristiansand. Foto: Svein Erik Nomeland

“You had to be there!”

Eg er ikkje den einaste som står svimeslått igjen etter siste songen. Eg må ha meir. Og eg er ikkje aleine. Publikum ropar bandet attende på scena. Sjå for deg eit lite hav av godt vaksne, raudkinna, oppglødde sørlendingar i ei tørrdokk med ein fullriggar over hovudet, ein euforisk gjeng som klappar og hoiar og vil ha meir – for eit skue! Fantastic Negrito kjem ut igjen på scena. Han tenkjer seg om eit halvt sekund før han bestemmer seg: «We’re gonna do something weird, something we’ve never done before, let’s do it!» Sjølv når ein trudde at det ikkje kunne verte betre, så skrur dei opp til 11 og tek oss med ut i eit anna musikalsk univers. No gjer dei alt. Dei siste låtane blir eit kreativt crescendo med improvisert musikkmiks. Ekstranumra stadfester konsertopplevinga fullstendig: Fantastic Negrito på Bredalsholmen tørrdokk er fenomenalt. Bravo, Xavier Amin Dphrepaulezz, bravo konsertansvarlige for eit fantastisk arrangement. Eg hatar å vere ein av dei arrogante musikkskribentane som heisar på skuldrene og seier «Du skulle berre vært der», men ærleg talt, folkens… De skulle berre vert der!

Se alle bildene fra konserten

  • Fantastic Negrito, Bredalsholmen, Kristiansand. Foto: Svein Erik Nomeland

Legg igjen en kommentar