Hilde Selvikvåg, Lindland farm, Kvinesdal(header). Foto: Svein Erik Nomeland

Hilde Selvikvåg spelte julestemninga inn på Lindland Farm i Kvinesdal

«Du kan fylla meg, Trylla meg, Hylla meg – Dæ bare sånn du æ» er refrenget til Hilde Selvikvåg sin hitlåt «Karusell». Og det er akkurat sånn ho sjølv er, ho Hilde. Ho tryllar fram stemning uansett kva ho gjer og kor ho er.

Av Margaretha Krug Aase

Artistfoto.no har sett Hilde Selvikvåg i Kvinesdal tidlegare, men seks år har gått sidan ho skapte magi langt inne i fjellet på Knaben: Popdraumen i fjellet, Hilde Selvikvåg.
Denne gongen står ho på ein like utradisjonell scene litt lengre sør i kommunen: På loftet i den gigantiske, julepynta, amerikansk-inspirerte driftsbygninga på Lindland Farm.

I Knaben gruver stod ho heilt aleine med keybordet sitt, omslutta av kalde gufs frå mørke gruvegonger, og drypande vatn frå våte steinveggar. I løa på Lindland Farm står ho omringa av svære, glitrande joletre, co-keyboardist Morten Røsbak og ei god handfull ekstra instrument i ei umiskjenneleg lukt av bondegård og høy. Ho kjem opp midtganga med trekkspelet sitt, og i det ho byrjar å syngje, sig julestemninga inn over dalen til tross for at det er novembervått og trist utanfor, utan eit einaste snøfnugg i sikte. Sjølv om ho har skapa ny tradisjon med å vere utradisjonell, er det ei djup undertone av god, gamaldags julestemning som pregar konserten. Det er kvelden før 1. søndag i advent, og Julekarusellen er den fyrste juleturnèen hennar. Ho fortel så mykje fint mellom songane, og som publikummar får ein kjensla av at ein blir kjend med artisten på ekte – alt ved Hilde er autentisk, hjarteleg og varmt

Hilde Selvikvåg, Lindland farm, Kvinesdal. Foto: Svein Erik Nomeland
Hilde Selvikvåg, Lindland farm, Kvinesdal. Foto: Svein Erik Nomeland

Ho hadde lova seg sjølv å ikkje tenkje på juleturné før ho runda 40 (minst!), men sånn gjekk det ikkje. Då ho fekk sitt første barn i fjor, kom det med eit sterkt ynskje om å ta opp tradisjonen Hilde fekk av sine eigne foreldre: Ein tradisjon med å skape stor magi av dei små tinga i tida før jul.

Sjå: Førsteklasses musikkmagi i operaformat – Silvia Moi og Torbjørn Eftestøl i Spira Flekkefjord!

Hilde speler ei variert og vakker setliste med noko nytt og noko gamalt – noko eiget og noko tradisjonelt – alt pakka inn i heimsleg julestemning og personlege forteljingar frå eiget liv. Ho fortel om dei magiske små tinga som får eit lite barn (og vaksne menneskje) til å sitre av forventing. Rista kastanjer på Tivoli i København. Iskald julebrus i glassflaske hjå han far. Mamma som les Alf Prøysen sine juleforteljingar på sengekanten kvar kveld fram til jol. Kjensla av å rase nedover akebakken saman med naboungane på ein gamal, utslite voksduk. Ho gjer det levande alt saman der ho står.  

Hilde Selvikvåg, Lindland farm, Kvinesdal(header). Foto: Svein Erik Nomeland
Setlist, Hilde Selvikvåg. Foto: Svein Erik Nomeland

Hilde Selvikvåg er uredd, raus og open. Det er kanskje dét som er det heile særeige tryllestøvet hennar: at ho gjer heile sitt hjarte, historie og talent på scena. I kveld vert ho også gjesta av ei lita lokal stjerne: Adele Lovise Kvinlog, som song «Karusell» i klokkeklar duett. Ei stjerne som for øvrig er dotter av sjølvaste Kvinesdalsordførar Per Sverre Kvinlaug. Og i det ordføraren kjem opp for å joine si unge, nydelege dotter på scena for ein uforgløymeleg, trestemd versjon av Bjørn Eidsvåg sin «I en natt», vert julemagien komplett. Ein kan ikkje anna enn å håpe at Selvikvåg held fram med karusellane sine fram til ho er langt over 40, og vel så det.

Sjå: Petra fra U.S.A. besøkte Kvinesdal

Hilde Selvikvåg, Lindland farm, Kvinesdal. Foto: Svein Erik Nomeland
Hilde Selvikvåg, Lindland farm, Kvinesdal. Foto: Svein Erik Nomeland

Sjå: DJ KAKs lanserte ny musikkvideo: Lothepus og Alex Rosén gjestet Kvinesdal!

Sjå alle bileta her:

  • Hilde Selvikvåg, Lindland farm, Kvinesdal. Foto: Svein Erik Nomeland
  • Hilde Selvikvåg, Lindland farm, Kvinesdal. Foto: Svein Erik Nomeland
  • Hilde Selvikvåg, Lindland farm, Kvinesdal. Foto: Svein Erik Nomeland
  • Hilde Selvikvåg, Lindland farm, Kvinesdal(header). Foto: Svein Erik Nomeland

  • Morten Røsbakk, Hilde Selvikvåg konsert, Lindland farm, Kvinesdal. Foto: Svein Erik Nomeland
  • Hilde Selvikvåg, Lindland farm, Kvinesdal. Foto: Svein Erik Nomeland
  • Hilde Selvikvåg, Lindland farm, Kvinesdal. Foto: Svein Erik Nomeland
  • Hilde Selvikvåg, Lindland farm, Kvinesdal. Foto: Svein Erik Nomeland
  • Hilde Selvikvåg, Lindland farm, Kvinesdal(header). Foto: Svein Erik Nomeland
  • Hilde Selvikvåg, Lindland farm, Kvinesdal. Foto: Svein Erik Nomeland

Legg igjen en kommentar