Sam Lee, Farsund Folk Festival (header). Foto: Svein Erik Nomeland

Sam Lee og Martin Steinum Brun åpnet Farsund Folk Festival 2025

I inngangspartiet står eit enkelt bord med nokre stablar LP-plater og bøker. «Sam Lee – Nightingale» står det, og både tittelen og det grøne, naturinspirerte coveret vitnar om kva slags musikk me kan vente oss i kveld.

Av Margaretha Krug Aase

Eilert Sundt-hallen er stilfullt innreda for høvet: Sirlege stolrader bakarst, intime sitjegrupper ikledd svarte fløyelsdukar framfor scena, og lengst bak ei enkel barløysing med musserande vin og annan snacks. Artistfoto finn seg ein plass på same bord som to Farsund folkemusikkfestival-veteranar som ventar spent på første akt. Lysa i salen er dempa og behagelege, samtalane summar lågmælt i bakgrunnen.

Stillfaren fløyelsrøyst

Utan at nokon har lagt merke til det, kjem ein stillfarande, ung mann og sit seg ytst på ein enkel trestol på scena. I ei unnseleg skjorte med uskuldsreint andlet og djupblå, klåre auge ser han ut over publikum. Det vert med eitt stille, heilt stille i salen. Ei røyst så mjuk som fløyelsdukane sig som mild kveldståke ut over folka i salen. Tonane er reine, klåre, melodiane langsame og drivande, dei duvar i djupe tonelag inn i kvart enkelt menneskje i hallen.

Den unge mannen med dei klåre auga og fløyelsrøysta er Martin Steinum Brun, songar og lyrespelar frå Vågå i Gudbrandsdalen. Sumaren 2025 vann han A-klassa i vokal under Landskappleiken i Eidfjord, og året før vart han kåra til Årets unge folkemusikar under Folkelarmprisen ’24. Med lyra i fanget deler han viser og springleikar, og ein nydeleg bånsull etter tippoldemor si med eit trollbunde publikum. Det er ei gåte at det kan vere så mykje liv og venleik i ei einsleg røyst og ei lyre. Det er samstundes eit heidersmerke på musikalsk kvalitet og rått talent. Arrangørane kunne ikkje funne eit betre opningsnummer enn han.

Martin Steinum Brun, Farsund Folk Festival. Foto: Svein Erik Nomeland

Hemmelege talarar

Kvart år held festivalleiinga opningstalaren hemmeleg fram til den store kvelden. Tidlegare år har store namn som Jonas Gahr Støre opna festivalen, og forventningane er store når Ann Helen Erichsen, leiaren for festivalen, kjem på scena for å ynskje velkommen. I 2025 feirar festivalen faktisk 27 år. Det er 27 år som ikkje kunne vore gjennomført hadde det ikkje vore for alle dei som stillar opp år etter år for å stable folkefesten på beina. Og sjølv om det er Stortingsval i haust, er det ikkje kjendisar eller politikarar som får æra av å opne i år. Det er den lokale eldsjela Kirsten Marie Pedersen, frivillig musikkelskar frå Spind, som klatrar opp på scena i kveld.
Sjå: KYRKJEKONSERTEN: Farsund Folk Festival!

Kirsten Pedersen hadde åpningstale på Farsund Folk Festival. Foto: Svein Erik Nomeland
Kirsten Marie Pedersen hadde opningstale på Farsund Folk Festival. Foto: Svein Erik Nomeland

I fin kvitskjorte held ho ein sterk opningstale om samhald, openheit, grenselausheit, frivilligheit og medkjensle. Folkemusikkfestivalen i Farsund er ei opning mot andre kystar og andre melodiar, presiserer ho: «Farsund folk festival handlar om det som er felles: felles tone, felles glede over musikk, dans, song, spill og ikkje minst over samvær.»

Etter at ordføraren i Farsund, Ingrid Merethe Williamsen, har sagt nokre ord om frivilligheit og kor viktig det er å ta vare på samhald og dugnadsånd, gjer lydteknikarane scena klar for hovudnummeret. Britiske Sam Lee er ein av Storbritannia sine viktigaste røyster innan folkemusikksanking, naturvern, tradisjonsmusikkformidling og folkeopplysning.

Ordfører Ingrid Williamsen ga blomst til Kirsten Pedersen på Farsund Folk Festival. Foto: Svein Erik Nomeland
Ordfører Merethe Ingrid Williamsen ga blomar til Kirsten Pedersen på Farsund Folk Festival. Foto: Svein Erik Nomeland

SAM LEE

Røyskattar og nattergalar

Fire menn med rufsete hår i casual clothing tuslar ut på scena. Anonyme å sjå til, men hjelpe og trøyste, så feil ein kan ta viss ein dømer etter utsjånaden og klednaden. Om dei ser anonyme ut på utsida, ber dei eit unikt musikalsk skattkammer på innsida. Sam Lee byrjar konserten med å dele ei historie om turen frå flyplassen til Farsund; Korleis dei måpande stirra ut av vindauga på det storslagne norske landskapet, og kor sterkt dei ynskja å berre kunne gå ut under trea og suge til seg atmosfæren og naturen i eit så vakkert land som vårt. Diverre køyrde dei på ein røyskatt på vegen, og sjølv om det skar dei i hjartet å måtte stoppe bilen og gravlegge han under mosen i eit skogholt, så fekk dei i alle fall oppleve ei kort, sakral stund i norsk skogheim. Denne dikotomien mellom sorg og glede vevar seg gjennom heile konserten.

Sam Lee, Farsund Folk Festival. Foto: Svein Erik Nomeland
Fire menn med rufsete hår i casual clothing. Foto: Svein Erik Nomeland

Musikken er i skjeringspunktet mellom sorg og kjærleik, i kryssingspunktet mellom tradisjonelt og nyskapande; dette er ein artist og eit band som lev med hjartet og sansane på utsida, som nakent og ærleg tek inn i seg naturdauden og dei katastrofale konsekvensane av moderne teknologi og overforbruk. Gjennom musikken og kunsten forsøker han å gjere noko med det.

Sam Lee, Farsund Folk Festival. Foto: Svein Erik Nomeland
Sam Lee, Farsund Folk Festival. Foto: Svein Erik Nomeland

Sam er ein av skaparane bak konseptet «Singing with Nightingales». Kvar kveld sju veker om våren tek Sam Lee og medhjelparane hans med seg folk ut i naturen for å syngje om, og med, nattergalane. Der delar dei mat, drikke, historier og samvær rundt bålet i skogen, før dei går ein tur saman i vårnatta for å syngje saman med fuglane.

Nattergalane er unike i det at dei inkorporerer menneskeleg musikk i sin eigen song. Bandet arbeider på same måten. Sam Lee har i ei årrekkje reist rundt i Storbritannia for å samle musikkskattar som held på å døy ut. Som nattergalen, er dei fleste folkemusikalske songane og vandrarfolka på dei britiske øyane utryddingstrua. Sam tar dei gamle, snart gløymte, songane til seg, inkorporerer dei i sin eigen musikk, og omformar sorga over det som snart går tapt til musikalsk glede over det som vert skapt.

Sam Lee, Farsund Folk Festival. Foto: Svein Erik Nomeland
Sam Lee, Farsund Folk Festival. Foto: Svein Erik Nomeland

Generelt snakkar han mykje mellom songane, og det vever seg fint inn i historieforteljingstradisjonen som folkemusikken faktisk er, og gjer. Sam Lee er ei sentral stemme i britisk folkemusikk, og naturengasjementet og kjærleiken til folkemusikk kjem tydeleg fram i alt han gjer.

Sam Lee reiste i 15 år rundt omkring i Storbritannia for å samle songar som heldt på å døy ut. Irske, skotske og engelske folkemusikktradisjonar tok han vare på, og spesielt låg songane frå det reisande folket hjartet han sitt nært. Publikum får høyre fleire av desse denne fredagskvelden, og får moglegheita til å synge med på «Sweet Girl McRee», ein song han fekk av ei gamal reisande kvinne som var den siste som framleis hugsa denne nydelege balladen. Det er noko særeige og sørgmodig samstundes ved å sjå korleis ein song no har forsvunne heilt frå si eiga verd, men no lev vidare i ein norsk konsertsal i moderne tid.
Sjå: Dansekurs og Konserter: Energiske Opplevelser i Farsund

Sam Lee, Farsund Folk Festival. Foto: Svein Erik Nomeland
Sam Lee, Farsund Folk Festival. Foto: Svein Erik Nomeland

Nett det å hugse, og ta vare på, det og der me kjem frå, er viktig for Sam Lee og musikarane han har med seg. Albumet frå i fjor heiter «Songdreaming» og handlar om korleis songar og musikk fortel oss kven vi er. Musikken er ein måte å vende seg mot det eldgamle på, samstundes som ein lev her og no. Sam avsluttar konserten med ein kjærleikssong til naturen og ein signingssong. Kjærleikssongen til naturen kjem frå det skotske landskapet, og vart gjeven til han frå ein gamal vandrar frå Aberdeen. Den handlar om kjærleiken til landet, «when a bit of landscape takes your breath away» seier Sam, og avsluttar: «Remember: It’s all a miracle.»

Sjå film av Sam Le der han fremførar songen Sweet Girl Mcree på Farsund Folk Festival:

Sjå alle bileta frå opningskvelden:

  • Sam Lee, Farsund Folk Festival. Foto: Svein Erik Nomeland

  • Martin Steinum Brun, Farsund Folk Festival. Foto: Svein Erik Nomeland

  • Ann Helen Erichsen, Farsund Folk Festival. Foto: Svein Erik Nomeland
  • Kirsten Pedersen hadde åpningstale på Farsund Folk Festival. Foto: Svein Erik Nomeland
  • Ordfører Ingrid Williamsen ga blomst til Kirsten Pedersen på Farsund Folk Festival. Foto: Svein Erik Nomeland

Sjå: Sharon Shannon åpnet Nordsjøfestivalen, og fikk også besøk av legendariske Rolf Novak- Rosengren

En kommentar om “Sam Lee og Martin Steinum Brun åpnet Farsund Folk Festival 2025

Legg igjen en kommentar