Ein mørk haustkveld i oktober seilar ein svartkledd operasonger med glitrande smykke og strålande smil inn på scenegolvet til Spira kulturhus. Klassisk Flekkefjord sin konsert 15.10.23 viste seg å vere «klassisk» i ordets rette forstand . Det latinske ordet classicus tyder nemleg noko ‘som høyrer til første klasse’. Eg trur ikkje det finst betre omgrep å bruke om konserten til Silvia Moi og Torbjørn Eftestøl denne kvelden her.
Frå det skimrande sekundet då ho entra scena trollbatt sopranstjerna ein heil kultursal i den sundagsstille sørlandsbyen. Ho kikka løyndomsfullt ut over publikum før ho braut ut i eit stort glis: «Dåkke trenge ikkje klappa mellom sangan, altså – bare len dåkke tebage å nyt!» På den breiaste bygdedialekta du kan tenkje deg introduserte ho seg sjølv og kompanjong Torbjørn Eftestøl, barndomskamerat og pianist, og i løpet av ein augeblink var magien i gong.

Dei trylla fram eit heilt eksepsjonelt program. Etter eit opningsnummer på fiolin frå kulturskuleelev Lerke Langeland Øvland, byrja dei konserten med åtte songar frå Edvard Grieg og Arne Garborg si Haugtussa (eit verk som Artistfoto dekka i ei litt anna drakt frå konserten på Nordberg Fort i 2020, HAUGTUSSA – «Tidenes mest intime intimkonsert») før setlista sprudla seg vidare frå ekspressive tonespel til impresjonistiske, meditative innspel og frå kreative krumspring til introspektiv klokkeklang utan melodi.


Mystisk og magnetisk
Både Moi og Eftestøl har røter i Kvinesdal – nabobygda til Flekkefjord. Er det noko med grunnvatnet i Kvinesdal? Bygda med snaue 7000 innbyggjarar har på mystisk vis fostra operastjerner som Silvia Moi, tangenttrollmenn som Torbjørn Eftestøl (for øvrig sonen til den anerkjende klassiske komponisten Sverre Eftestøl), rølperockarar som Luxus Leverpostei og kristelege forkynnarkjemper som Aril Edvardsen. Noko overnaturleg må det vere – og om det er vinden eller vatnet, så fekk dei heldige frammøtte på Spira denne kvelden oppleve noko heilt ekstraordinært frå kvinesdalskjelda denne kvelden.
Det er hav og vind, haug og hei i augo til Silvia då ho syng Veslemøy si soge frå Garborgs Haugtussa. Ein skulle tru melodien frå flygelet ville forsvinne i den mektige stemma og magnetismen hennar, men snarare tvert imot. Fjell og bekkeklukk kvervlar frå klaveret under Torbjørn sine hender, og samklangen frå dei to kunstnarsjelene smyg seg vilt og breitt opp gjennom stolradene i Spira. Eg veit ikkje kva anna eg kan kalle det enn trolldom. I staden for at dei forsvinn i skuggane frå kvarandre, speler dei kvarandre fram frå oktobermørkret og vert dobbelt så strålande, dobbelt så vakre, dobbelt så storslagne saman.

Kan det vere Torbjørn Eftestøl ber med seg ein eigen musikkmagi i fingrane? Kan det vere Silvia ber med seg stjerneglans i stemma? Det er ikkje lett å setje ord på kva som utfolda seg i Flekkefjord den kvelden. Ein kunne sagt om Torbjørn at han er ein stillfarande, vakker ung mann i tidlaus, grå dress og runde briller – ein kunne sagt om Silvia at ho har ei stemme frå himmelen og eit smil som kan sjarmere kven som helst i senk, men då ville ein ikkje ha vore i nærleiken av å syna det overnaturlege, vindunderlege samspelet mellom dei to.
Torbjørn Eftestøl – formidlar utan ord
Viss ein les kva Torbjørn sjølv seier kva musikk kan gjere med og for oss menneskje, så finn ein kanskje ein ledetråd i det musikalske mysteriet. På Facebook si arrangementside skriv han sjølv: «I mitt filosofiske og kunstneriske arbeid prøver jeg å artikulere og gi uttrykk for en transformasjon av tenkning og sansning til en opplevelse av å veve inn verkelege krefter, erfart i full selvbevissthet.» Eg veit eigentleg ikkje kva det betyr. Men eg kan sanse det sjølv når han tryller fram tonar frå flygelet i soloframføringane sine.

Han har vakse opp rundt og i musikk, og det er tydeleg at han kan sitt fag. Torbjørn studerte piano i Oslo og Berlin, fiolosofi i London, tek for tida ein doktorgrad i utøvande praksis ved Noregs musikkhøgskule, og har spelt konserter i Skandinavia, Storbritannia og Tyskland. Han har ei djup forankring i dei åndelege aspekta av musikk, og med bakgrunn i antroposofi – inspirert av mellom anna Rudolf Steiner – jobbar han som freelance pianist og forskar innanfor musikk, spiritualitet, filosofi og antroposofi. Publikum får eit glimt av alt dette under konserten.

Eftestøl fletter kvart einaste vesen i salen saman i noko større enn det dei er kvar for seg. I sin djupe samtale med det ordlause, speler han alle og alt saman i ein felles musikalsk vev. Sensitivitet og suggesjon i straumande melodiar frå tangentane er stemma hans. Han syng ikkje med ord, men med hender og andlet. Dei fortel alt det han ikkje seier høgt. Han speler «Arietta» av Edvard Grieg, «Nimrod» frå Edward Elgar, «Für Alina» av Arvo Pärt – meir eller mindre ukjende namn for min del, men eg treng ikkje vite kven dei er, eller kva dei handlar om. Eg treng berre kjenne etter kva musikken gjer med oss som lyttar. Musikken er rørsle. Musikken er kjensler. Musikken er tonar og klang og vennskap og sakn – den er alt det den syng om utan å seie eit einaste ord.
Silvia Moi – svartkledd sopran med stjernestøv i blikket.
Der Torbjørn fortel historia i ordlaus melodi, syng og snakkar Silvia som ein klingande sølvfoss. Det er nesten umogleg å rive blikket frå ho der ho kvitrar og trillar seg opp og ned og fram og tilbake med sopranrøysta og låtten sin. Ho er også frå bygda, men har levd eit heilt liv i operaverda «der ute». Ho studerte ved Noregs musikkhøgskole og Operahøgskolen i Stockholm, gjekk vidare til Royal College of Music i London, og har sunge seg frå Folkoperan i Stockholm, gjennom Tyskland og Danmark via Benjamin Britten Opera School i London og Malmö Opera. Ho har stått på scena hjå Den Norske Nationaloperaen og den Kungliga Svenska Operan i Stockholm, har turnert frå Komische Oper Berlin attende til det kongelege operahuset i Stockholm, samstundes som ho har spelt roller som Solveig på Peer Gynt-festivalen i Gålå og Papagena i Kenneth Branaghs filmproduksjon av Tryllefløyten. I tillegg til innslag på Nobelbanketten i Stockholm i 2004 og på opningsførestillinga til Operahuset i Bjørvika i Oslo, har ho tatt imot så mange kunstnarstipend at ein vanleg dødeleg ville gått i kne under vekta av dei.
Silvia Moi har ei utstråling, ein humor og ein sjarm på megawatt-nivå. Ho eig salen sjølv utan mikrofon. I glitrande diamantøyrepynt og med funklande auge leikar ho fram kjensle etter kjensle hjå dei som høyrer på. Korleis kan ein ikkje bli hovudstups forelska i sånn ei framtoning som like gjerne kunne dala ned frå ein framand planet for å spreie stjernestøv i sopranformat? «Vond dag» frå Haugtussa vert framført med så inderleg innleving at kvar einaste hjartepanser i salen brest. Heile konserten vart akustisk framført. Den einaste moderne dupeditten var ein mobiltelefon som i mellom anna «Art is calling» fekk hovudrolla i programmet då Silvia sang ein tenåringsprimadonna sin livsfilosofi: «Oh my God, mamma tror at å lese er bra! Serr, alt eg trenger er mobil og litt penger!».
Musikalske ljos i ei mørk tid
Magnetisk, folkeleg, uformell og hypnotisk – med ein musikalsk bredde frå ei anna verd. Dei to venene leiar publikum gjennom den djupaste einsame kjærleikssorga til allsong med publikum i «Vilja Lied»- frå norsk nasjonalromantisk Grieg til sprudlande moderne «pling-plong-musikken» som Silvia sjølv kalla «Récitation nr. 11» av Georges Aperghis. Det er ikkje anna å seie enn at Klassisk Flekkefjord sin konsert denne sundagskvelden var eit innslag frå ei høgare musikalsk sfære og ei anna verd. Og det er kan hende nettopp den lysande musikkmagien me treng i det mørket vi er i no. Bravo, Silvia, Torbjørn og kulturskuleelev Lerke – de skapte ei strime av ljos i ei tid då vi treng det aller mest.










2 kommentarer om “Førsteklasses musikkmagi i operaformat – Silvia Moi og Torbjørn Eftestøl i Spira Flekkefjord!”