Humor, Heilung og konfettirakett: Storefri med Herman og Mikkel innfrir til fulle
Eg veit ikkje korleis det er med deg, men eg hadde ikkje fantasi nok til å førestille meg kva som eigentleg ville skje i salen på Kilden når Herman Flesvig og Mikkel Niva køyrde live-versjon av podcasten sin «Friminutt».
Eg hadde nokre vage idéar om at det kanskje kom til å innebere «litt vitsing, song, improteater og prompehumor». Så eg troppa opp med ope sinn og blanke ark, og sette meg godt til rette ytst på kanten på fjerde rad.
Big mistake.
Det tok ikkje meir enn nokre få sekund etter showstart før eg innsåg at absolutt alt og alle innanfor rekkjevidde frå midt- og sidegangane var fritt vilt, og at eg resten av kvelden kom til å sitje med hjartet i halsen og sveitte handflater i påvente av å få ein mikrofon opp i nasen eller endå verre – verte dratt opp på scena. Men eg føregrip showet sin gong. La oss byrje med byrjinga.

Pausefisk i slåbrok
Ein kan få ei aning om kva som venter ein for kvelden når ein ser pausefiskane på skjermen før førestillinga: Herman Flesvig og Mikkel Niva flasher over storskjermen i livestream-format. Dei sit i ein svart skinnsofa og skrevar breitt, ikledd kvite badekåper. Frå høgtalarane strøymer Flesvig sine mange slagarar, og me kan sjå fleire som syng med på refrenget «Alle gutter er horer» medan dei venter på at showet skal byrje. Salen i Kilden fyllest sakte, men sikkert, opp av glisande (for det meste unge) publikummarar. Det glitrar i blanke blikk og vinglas, og fleire unge gutar kjem berande inn på små tårn av ølboksar frå baren.
Det er torsdag kveld 16.oktober 2025, det er Kristiansand, det er Kilden, det er partystemning, det er Herman og Mikkel med showet Storefri.

Herman og Mikkel
Viss du er ein av dei få i Noregs land som ikkje veit kven Herman og Mikkel er, så ser ei lynrask oppsummering slik ut:
Herman Flesvig (f. 1992) og Mikkel Niva (f. 1988) har dei siste åra herja på TV-skjermar og i podkast-universet med NRK-seriane «Førstegangstjenesten» og «Oppdrag Europa». Samtidig som dei køyrde podkasten Friminutt. For fire år siden bytta podcasten namn til Storefri. Herman har i tillegg skrive boka «Herman: Historier fra en udiagnostisert oppvekst» saman med forfattar og illustratør Erlend Loe. Han var óg med i fyrste sesong av A-laget, der han gjorde ein knakande god figur som intervjuobjekt for ei gruppe blanda drops på NRK. Mikkel Niva er skodespelar og standup-komikar, men har óg vist ei alvorleg og seriøs side i dokumentaren «Uten pappa», der han fortel om livet med ein far som var fråverande rusmisbrukar. Sjølv om dei begge ofte fleipar med seriøse temaer, gjer dei det med ein solid overdose ADHD-humor, grenselaus energi og all-over-the-place-galskapsablegøyer. Eller vent litt, det er visst berre Herman som har ADHD, Mikkel er berre traumatisert.

Showet Storefri er live-versjonen av podkasten «Friminutt» – ein av dei høgast elska og mest populære norske podkastane nokon sinne, som diverre gjekk av lufta i 2024. Podcast-suksessen «Friminutt» var ein totalt kaotisk, spontan og spinnvill reise inn i eit heseblesande humorunivers. «Storefri» er ikkje eit unntak. Showet på Kilden visar seg å verte ein real syretripp av improteater og eksperimentell dans (korleis dansar ein eigentleg «Kristiansand»?), rumpehumor, uforutsette innspill fra salen og omtrent atten forskjellige røde tråder som flettar saman det vittigste, sprøeste showet Artistfoto har vore med på til no.
Herman omtalte førestillinga på forhand som «en skoletur til Freia sjokoladefabrikk; full av inntrykk, fascinerende og man kommer kanskje hjem litt lei av sjokolade» (Kilden) Det stemmer ikkje helt i ettertid; Vi kom heim med ei kjensle av å ha ufrivillig vandra inn i eit sirkus på speed – og åtvaringa Herman gav i byrjinga stemde til fulle: «Det er fare for at dere som ikke går på medisiner skulle ønske dere gikk på dem likevel».

Underbuksekomikk og kreativt kaos
Det er lite rekvisittar på scena, men det treng ikkje dei to humor-geniane heller. Ein høg bardisk med forskjellige lydbrett med effektar, musikk og førehandsinnspelte klipp, to barkrakkar, ein storskjerm i bakgrunnen og eit ekstra mikrofonstativ heilt aleine for seg sjølv til venstre. Kva er det stativet til? Prompekonkurranse, så klart: ein heilt eigen mikrofon dedikert til det faste «Gjett fisen»-innslaget frå podkasten.

Dei har i tillegg med seg produsenten som vandrar rundt i salen med jamne mellomrom og lar folk frå publikum stille lyttarspørsmål på direkten.
Det er så mykje energi og går så fort at ein til tider ikkje klarer å stå imot galskapen. Etter kvart gjer ein opp å stille spørsmål som til dømes: «Kvifor har Herman eigentleg førebudd ikkje berre ei, men tre førehandsinnspelte ku-raut?» og «Kvifor kjenner eg det som om eg er stroppa fast til ein berg-og-dalbane utan sjåfør?» Om ein skal nytte seg av språklege bilete for å skildre det heile, må ein ty til noko á la dette: Det kjennest litt som å prøve å følgje alle pingpong-ballane samstundes i verdsmeisterskapet for bordtennis. Umogleg. Til slutt må ein berre gje opp og heller la seg rive med nedstraums ei rafting-elv av galskapshumor og sveitt publikumsprestasjonsangst.

Skrekkblanda fryd
Det er ikkje til å stikke under ein stol at latterkrampane sannsynlegvis blandar seg med iskald skrekk for alle som uheldigvis har kjøpt seg billett langs kantane i salen. Både Herman og Mikkel er all over the place for å finne nokon å intervjue/leike med, og sveitteperlene vert etter kvart synlege hos alle som krøker seg saman i skrekk og forsøker å gjere seg så usynlege som mogleg for å unngå å verte den neste publikummaren som må opp på scena eller stillast til veggs med ein mikrofon opp i trynet. Dei er nemleg ikkje nådige dei to, og det vert ei blanding av cringe-kleint og komisk når dei kastar seg over intetanande ofre i salen for å få dei til å «si noe kult på engelsk» eller lage lydsporet til eit av Mikkel Niva sine teaterimprovisasjonar «on the fly».
All cred til stakkars Michael som måtte opp føre ein utselt sal og lage lydeffektar til «ein dag på jobben i arresten». Det er 100% sant det Herman trøysta han med då han motvillig lokka Michael opp på scena: at «alle andre i salen er dødsglade for at du står der i stedet for dem akkurat nå!»
Heilung i ADHD-versjon
Nett når ein trur det ikkje kan bli villare, kulminerer det heile i ein absurd og totalt uventa påfunn når Herman får utløp for den siste hang-upen sin.
Vent litt… Hang-up?
Det er ikkje ein hemmelegheit at Herman Flesvig har ADHD-diagnose, og at han er prega av det i kvardagen. Han har etter kvart verte kjend for å vere ein av dei norske kjendisane som har gjort mest for å normalisere og gjere kjent diagnosen.

I boka «Herman – historier fra en udiagnostisert oppvekst» fortel han om ei av effektane diagnosen har; nemleg at han får «hang-ups» på visse ting, spesielt lydar, og at han berre må gjenta dei om igjen og om igjen så han ikkje eksploderer. Nett no har han hang-up på noko temmeleg smalt innanfor musikkverda.
Heilung. Weirdo-bandet med horn frå eldgamle viking-land.
Horn og Herman i tåkeland
Viss du ikkje har peiling på kven eller kva Heilung er, så søk opp til dømes låta «LIFA – In Maidjan LIVE» på youtube. Kjenner du stemninga? Ser du kor mystisk og magisk dei kvedar og gandar i ekte viking-stil? Kan du sanse den primitive urkrafta i sjamantrommane når dei messar monotone seidar inn i mørke natta?
Sjå for deg at alt dette gjeng føre seg i Kristiansand på Kilden. Men i staden for eit storslagent orkesteraktig band og ordentlege kostymer, så får du ein hypergira Herman Flesvig med litt for små heimelaga horn, eit ekstra sett flaggermusvengjer, ein lydforvrengjar og trommemaskin – og den litt skrale tåkedisen frå ein enkelt røykmaskin.

Som, berre til opplysning, kosta 1500 kroner å leige for kvelden, ifølgje Herman sjølv.
Det vert eit ubeskriveleg komisk kaos når Herman vasar rundt i salen i Heilung-kostyme medan han messer med Heilung-røyst i Heilung-landskap i passande viking-natur-loop-scenar på storskjerm i bakgrunnen. Det anar meg at Mikkel (som sit på barkrakken og styrer musikken) også merker at det tar heilt av, og sjølv om han prøver å dra det heile inn igjen i eit normalt tempo, fortset det å ta heilt fullstendig av. Det endar i ei euforisk utløysing i det ein publikummar på første rad sprett konfettiraketten sin til himmels då Herman startar lyssverdet sitt i røykhavet.

Ruben vart dumpa og Emilie har bursdag
Det skal godt gjere å hente seg inn igjen etter ei slik hending, men Mikkel er ein driven improvisatør. Han klarar til slutt å hanke inn igjen galskapen, og leiar eit publikum med støle latterkrampe-musklar inn i siste halvdel av programmet. Emilia på andre rad får ein spontant skreddarsydd låt til 18-årsdagen, me får svar på kva Herman og Mikkel tenkjer om Kristiansand, Maria (den stakkars dama til Ruben som ikkje fekk bli med på show) får ei live oppringing frå Herman og Mikkel over facetime, og Endre grisebankar Herman i ein impromptu stå-på-henda-konkurranse.

Eg veit rett og slett ikkje korleis eg kan skildre eit live-show med Herman og Mikkel på noko anna måte enn dette: You should have been there. Det er hysterisk humor frå start til slutt. Viss du ikkje fekk sjå dei live denne gongen, sørg for at du får med deg neste show viss du får sjansen. Herman og Mikkel inviterte til eit friminutt i Kristiansand som ein aldri kjem til å gløyme!

Sjå alle bileta her:









































































