LORD HURON – gåtefulle gigantar gjestar Sentrum Scene
Har du nokon gong tenkt på kor mykje 3,2 milliardar er? Ikkje det? La oss setje det litt i perspektiv. Torsdag 4. september 2025 er Noreg sitt sparefond på 20,1 milliardar kroner. Talet på menneskje i verda er på ca. 8,2 milliardar personar på same tid. Noreg har 5,6 millionar menneskje til saman. Men kva har Lord Huron med desse tala å gjere? Og kven i huleste er Lord Huron, eigentleg…?
Namnet på det amerikanske bandet Lord Huron er henta frå Lake Huron, den store innsjøen i Michigan der grunnleggjaren av bandet, Ben Schneider, ferierte om sumrane som barn. Lake Huron er den nest største av Dei Store Sjøane mellom Canada og USA. Lord Huron er òg eit av dei største, aller største indie folkrock-banda i verda. Talet 3,2 milliardar er nemleg talet på avspelingar låta «The Night We Met» har berre på Spotify åleine. Kor mange avspelingar han har totalt sett på straumetjenester og på TikTok veit ingen. Men at det amerikanske bandet er gigantsvære med ein solid fanbase er det ikkje tvil om.
Bandet vitja Sentrum Scene i Oslo ein haustdag i september 2025 med vokalist Ben Schneider i front. Han starta bandet som soloprosjekt i 2010, og sidan då har det vekse til storleiken det har i dag. Billettane til konserten på Sentrum Scene i Oslo forsvann på ein augeblink. Sjølv om namnet ikkje er allment kjent for dei fleste, så er lokalet stappfullt, og forventinga i publikum på Sentrum Scene denne torsdagskvelden kjennest elektrisk, på grensa til høgspentsnivå.
Det ligg ein aura av mystikk over scena medan det irske rockebandet «Pillow Queens» opnar kvelden. Bak det irske oppvarmingsbandet står mystiske kubistiske former og store klossar skjult under svarte, skimrande klede. Når dei forsvinn etter temmeleg nøyaktig 30 minutt, står dei merkelege firkanta figurane igjen, bada i mørkeblått ljos og mørk silke. Scena er bygd opp i fleire nivå, og fremst på scena står no berre eit einsleg mikrofonstativ.
Like før klokka 21.00 kjem to riggarar på scena og avslører kva som skjuler seg under kleda. Eit kvitt piano og kvitt keyboard, eit svært trommesett og eit einsleg telefonapparat frå ein telefonboks i ei svunnen tid. Og lengst til høgre: Ein gigantisk femtitals jukeboks der teksta «Cosmic selector features The Best in Music» blinkar i farga og kvitt neonljos. Salen held pusten i spenning.
Lord Hurons jukebox, Sentrum Scene, Oslo. Foto: Svein Erik Nomeland
Bandmedlemmane dukkar opp ein etter ein og tek sine plassar. Dette er eit band som har utsjånaden med seg, i alle fall viss ein likar den litt røffe, uflidde, folk/americana-looken iblanda David Lynch-estetikk. Ein aura av tidlaus eleganse, nostalgi og stilrein kvalitet fylgjer dei: Ein svær fyr sit seg bak trommesettet. Ei lita, vever kvinne i svart skjørt og topp stillar seg opp bak tangentane. Ein alvorleg kar tek eit fast grep om gitaren sin lengst framme til venstre, og ein eksepsjonelt karismatisk bassist i burgunder dress og blanke lakksko stillar seg heilt til høgre. Og så…kjem Ben Schneider sjølv slentrande ut på scena i brune bukser, stripete blå jakke, kvit skjorte og sleika brunt hår. Han glir rytmisk gjennom mørket omslutta av røysta til skodespelar Kristen Stewart: «After three hours at the wheel, I found myself beyond the borders of my experience. From there it was one alien world after another.» Og det er akkurat det som skjer for alle dei frammøtte i kveld óg. Just one alien world after another. Sjå: Astrid S vekket oppsikt med sitt antrekk under Ravnedalen Live!
Misty Boyce stillar seg opp bak tangentane, Lord Huron, Sentrum Scene, Oslo. Foto: Svein Erik Nomeland
Mystikk i melodisk sjangermiks
Lord Huron er eit av dei mest mystiske, underlege banda i sin sjanger. Og eitt av problema ved å definere dei er nettopp ordet sjanger. Det er nesten umogleg å plassere dei nokon stad. Det er så mykje underleg, draumaktig, uvanleg og særeiget ved dei at det ikkje går an å setje dei i bås. Likevel er ein ikkje i tvil om kven ein høyrer på når dei byrjar å spele. Det finst ikkje mange røyster i verda som har same karakteristiske profil som Ben Schneider. Han syng med ein overnaturleg, gjenferdaktig klang og tone, men røysta er samstundes djup og rein med høgstemde, hese ytterkantar. Til tider høyrest vokal og melodi ut som om ein står einsam i djupaste skogen og høyrer ulveul og uglehyl i mørket, andre gonger kjenst det ut som om ein står midt i ein rockestjernekonsert på sekstitalet og vert skumpa rundt av hylande tenåringsjenter som tilber eit hoftevrikkande musikkikon med fløyelsrøyst og bedroom eyes. Lord Huron vert ofte omtala som eit «country, rock, pop, indie, americana folk band». Mangfaldig og omfattande, for å seie det mildt. Men heilt unike på same tid.
Det er, med andre ord, noko mystisk ved Lord Huron og alt det dei gjer. Det er berre eit par veker sidan dei slapp sitt siste album: «The Cosmic Selector», og settet i kveld er ein særdeles godt komponert miks av nye hits frå det nyaste materialet og gamle klassikarar frå dei føregåande albuma.
Kryptisk poesi og vekselkomposisjon
Obskur, dunkel, atmosfærisk, harmonisk og gåtefull – alle desse orda kan ein flette saumlaust inn i kvarandre. Viss ein knyter dei saman med setningar som «ei reise gjennom tid og rom» og «spøkelsesaktig estetikk med paranormale overtonar», så er ein på god veg til å skildre ein perfekt konsertopplevelse slik dei frammøtte på Sentrum Scene fekk han servert i Oslo no.
Variasjon og vekslingar er stikkord for konsertopplevinga. Bassist og gitarist bytter instrument nesten frå song til song. I den eine augeblinken speler den burgunderkledde, smellvakre bassisten på ein perlemorsfarga og turkis bassgitar, i neste augeblink held han ein kontrabass; Resten av gitarane svitsjar saumlaust plass utan eit einaste avbrot i sekvensane; Schneider syng vekselvis i mikrofonen og i telefonen – alt er så gjennomført elegant at ein kan miste pusten. Sjå: Publikum gikk ut av sitt gode skinn da Skin og Skunk Anansie gjestet Rockefeller
Lord Huron, Sentrum Scene, Oslo. Foto: Svein Erik Nomeland
Tekstane kan verke enkle ved første augekast, men dei ber i seg ein sjeldan sans for symbolikk og kryptisk poesi. Eg trur ikkje det er å dra strikken for langt å seie at Lord Huron er dei einaste i sitt slag. «I spent my whole life looking back, wondering who I am», syng han i den nydelege, velkomponerte «Looking back» frå det nyaste albumet. «Something tells me you and I will never meet again». Og i desse to, simple setningane oppsummerer han eigentleg tematikken i mesteparten av materialet deira.
Innhaldet i låtmaterialet handlar ofte om å kjenne seg fortapt. Eit gjennomgangstema i fleire av albuma er kjensla av å gå seg vill under botnlaus nattehimmel i aude skoglandskap eller å kjenne seg framand i eit menneskeskapt landskap med neonljos og endelause asfaltstrekningar. Den første låta i settet er den suggererande, drivande «Who laughs last» der røysta til skodespelaren Kristen Stewart skapar ei atmosfærisk, utanomjordisk stemning. Den sett standarden for kvelden, og lista dei legg for seg sjølv er eksepsjonelt høg. Og dei innfrir. Til fulle.
Halvvegs i konserten fortel Schneider publikum om det nye albumet. Han ber om at ein høyrer låtane i rekkefølgje, presiserer at dei er komponert som ein flytande heilskap frå byrjing til slutt, seier at ein kan klippe det opp og fragmentere dei kvar for seg, men at det finst ein underliggjande straum av mystisk samanfiltring under kvar seleksjon. Eg mistenkjer at setlista gjenspeiler den same omhugen for komposisjon og kosmisk samanheng som albuma gjer.
Publikum vert leda gjennom mystiske, draumande, velspelte musikalske landskap og kjensler, tilsynelatande utan mål og meining, men med eit eiget narrativ likevel. Alt bunden saman av dei to felleselementa: jukeboksen «The Cosmic Selector» og telefonapparatet. Ei særeigen historie som knyter alt saman til ein kuriøs, draumeaktig og gåtefull heilskap med perfekt, tight gjennomføring i harmonisk perfeksjon.
Kva er det med jukeboksen?
Schneider sjølv har sagt om det nyaste albumet at jukeboksen kalla «The Cosmic Selector» er eit symbol på dei meir eller mindre tilfeldige hendingane i livet som opnar opp for skjebnesvangre konsekvensar og uana sidespor. Jukeboksen kan transportere folk til alternative univers, der kvart spor speler ut kor eksistensielt annleis livet kan bli når små val endrar retninga til universet fullstendig. «I’ve just been thinking about all the ways my own life could have gone» fortel han BBC i eit intervju tidlegare i år, og utdjupar: «Not with any sense of regret, but more with a sense of wonder at the sheer randomness of it all, and how different things could have been if very little things had gone another way.»
..men telefonen då?
Telefonen vert bindeleddet mellom den einsame sjela som driv rundt i eit mørkt aude univers, og dei menneskja som hjartet har forankra seg til i løpet av livet så langt.
Nostalgi og eksistensialisme er undertonane i dei fleste songane, og einsemd, kjærleik, kjærleiksbrot og sakn er dei emosjonelle kulørane som legg seg i og mellom alle verselinjene. Det aller meste Schneider skriv er sørgjeleg og sorgfullt, men det vert aldri for sentimentalt eller platt fordi melodiane og tempoet balanserer det heile til storslagen indierockpopfolkmusikk i mollstemt dur. Sjå: Iron Maidens edle metall ruster aldri!
Ben Schneider, Lord Huron, Sentrum Scene, Oslo. Foto: Svein Erik Nomeland
Skattekiste-setliste
Setlista byrjar med «Who laughs last», deretter går det frå musikalsk perle til perle. Frå «Looking back» til «Bag of bones», «Ends of the Earth», «The Ghost on the Shore», «Wait by the river», «Secret of life», «Used to know», «Ancient names pt. 1», «Long Lost», «Watch me go», «I lied», «La Belle Fleur Sauvage», «Frozen Pines» og «Meet me in the woods», før dei endar settet med «The Night we met» – songen med over 3 milliardar avspelingar på Spotify.
Låta «I lied» er eigentleg ein duett med Texas-baserte songarinne Allison Ponthier. Ein nydeleg ballade med hjarteskjærande tekst. Det skal mykje til for å fylgje i Ponthier sine vokale fotefar, men Misty Boyce med si klokkeklare røyst gjer det nesten betre enn originalen på scena i kveld.
«Meet me in the Woods” er også ein av dei mest ikoniske låtane til Lord Huron frå «Strange Trails»-albumet (2015). I det dei sug publikum inn i ein musikalsk framføring av kosmiske dimensjonar under framføringa av denne låta, kan ein spørje seg om det faktisk er mogleg at ein av dei beste låtane deira faktisk høyrest betre ut på ein liten norsk musikkscene enn i eit fullt musikkstudio. Svaret er eit vilkårslaust JA. Viss du er eit band med milliardar av avspelingar utan at du eigentleg er kjend av allmennheita i det heile tatt, så er det fullt mogleg.
Lord Huron er ein av verda sine største, mytiske og usynlege musikk-kjemper av ein grunn. Seks grunnar, faktisk, og dei seks grunnane spelar hjarta sine i sundt på Sentrum scene no. Når tonane frå siste songen, ikoniske «The Night We Met» tonar ut over publikum, speler dei hjarta til lyttarane i sund samtidig.
«I had all and then most of you, some and now none of you» syng salen og Schneider i hes harmoni, «Take me back to the night we met». Eg trur utan tvil at dei fleste kjem til å ynskje seg tilbake til den kvelden i Oslo då dei møtte Lord Huron for fyrste gong.
Dei avsluttar med trampeklapp og ståande applaus. Publikum vert til eit levande vesen som ikkje får nok. For ei stemning! Og for ein konsert! Det svoltne publikumsvesenet lokkar fram bandet frå skuggane bak scena igjen; Kvinna bak pianoet, Misty Boyce, tryllar fram ein banjo, gitaristen Tom Renaud får ein ny steelgitar, bassist Miguel Briseño sjarmerer jentene føre scena i senk, og dei sluttar av for godt med tre ekstranummer: «The World Ender», «Nothing I need» og «Not Dead Yet». Sjå: Pantera til utsolgt Oslo Spektrum: 50% originalbesetning – 100% Pantera!
Lord Huron, Sentrum Scene, Oslo. Foto: Svein Erik Nomeland
«Until next time: may you live until you die» avsluttar Schneider. Det einaste ordet som heng igjen i hovudet etter ei slik framføring, etter å ha vore til stades på ein så eksepsjonelt saumlaus konsert, er: Gjennomført, Lord Huron. Fullstendig gjennomført.