Kyrkja i Farsund er fylt til randen. Benkane gråmåla og harde, lufta er tett, stemninga høgtideleg, haustljoset flaumar inn frå vindauga. Dei fleste Artistfoto har snakka med, seier kyrkjekonserten er høgdepunktet på Farsund Folk Festival.
Dei fleste folka har rett i år også.
Eventyrleg oppvarmingstrio

Martin Steinum Brun på vokal, Amalie Kinsarvik Tilde på trekkspel og Åsmund Farstad på fele opnar kyrkjekonserten. Dei er så samstemde og harmoniske at eg er sikker på at messingen i kyrkjeorgelet på galleriet summar med i lågstemt resonans. Martin med dei milde, blå augo synger så vent og kjenslefylt at det er som å stå i varmt sumarregn i kveldsvind. Amalie spelar med innleving og stemning, trampar takta sakte og sørgmodig. Folketonane frå fela fyller kyrkjerommet.
Det er som å få eit kjærteikn frå mjuke, vare hender.

I eventyra høyrer ein ofte at «fela græt». Korleis kan ei fele felle tårar, tenkjer ein kanskje, og feiar det av med at det er ei blømande omskriving av trist tonefall, og at det går ikkje an at feler græt.
Men det gjer det. Dei tre folkemusikktalenta speler så rørande bra, at når trioen ULD tek scena like etterpå, er hjarta i publikum allereie vidopne og klare

ULD serverer Farsund musikalsk gull
Namnet Uld kjem frå forbokstavane til dei tre artistane i bandet: Une Lorentze Onarheim på vokal, Lucia Andreadatter Utnem på piano, og Dagny Braanen Lindgren på trekkspel. Dei held til i Oslo, men møtte kvarandre på Toneheim folkehøgskule der dei fyrst byrja å jamme saman.
Dei liknar eigentleg ikkje på kvarandre, dei tre, men dei ser litt like ut likevel. Alle tre er unge og vakre, alle tre har pannelugg og langt hår, men ei er mørk, ei lys, og ei er midt i mellom. Det dei alle tre utan tvil har til felles, er ein aura av uskyld og varme, og ein gjennomtrengjande musikalsk varleik og sans for sakral akustikk.

Den fyrste songen dei laga saman er også den siste songen dei speler i kyrkja i Farsund fredag kveld: «Fra en annen virkelighet». Tittelen og teksta er henta frå det tunge, vonde diktet frå Gunvor Hofmo si diktsamling med same namn frå 1948.
At desse tre jentene klarte å komme opp med eit slikt meisterverk som debut, seier noko om kor flinke dei er, og kor sterkt det kan vere å trekkje fram tidlause tema og lyrikk som framleis treff publikum rett i hjartet, kanskje endå meir no enn då.
«Syk blir en av ropet om virkelighet.
Altfor nær var jeg tingene,
slik at jeg brant meg igjennom
og står på den andre siden av dem,
der lyset ikkje er skilt frå mørket,
der ingen grenser er satt,
bare en stillhet som kaster meg ut i universet av ensomhet,
og av uhelbredelig ensomhet.» (Hofmo, 1948)

Det er vanskeleg å sjå for seg at dette kunne vore skriven i ei anna tid enn vår. Teksta passar så nedslåande godt til tida vi lev i nett no – ei verd av kunstig intelligens, framandgjering, einsemd og (anti)sosiale media som styrar kvardagen vår totalt. Jentene har pakka det inn i ei musikalsk drakt som komplimenterer innhaldet i diktet perfekt. Ei åtvaring og eit varsel om at me må halde på vår medkjensle, halde fast i ljoset, orke å leve når alt er så framandgjort og svart.
Vokalist Une er liten og vever, og gjer ikkje så mykje utav seg før ho tek mikrofonen. Men når ho gjer det, og stemma hennar flyt ut or høgtalarane, vert heile kyrkjerommet fylt av musikalsk magi. Ho har ei røyst som veller over av stemning og sanning. Det kjenst så ekte, alt det dei gjer, så ekte og autentisk og sårt og nært, at konsertopplevinga i seg sjølv vert til medisinen som bøter på samtida sin mangel på handfast røynd. Dei er verkeleg «fra en annen virkelighet».
Sjå: I djupet av folkesjela: Triakel til Setesdal Folkemusikkfestival

Resten av songane er henta litt her og litt der. Noko frå det heilt nye albumet som kjem ut i haust, noko frå EPen som kom ut i fjor haust. Tekstane handlar mykje om det same; om å finne seg sjølv, om kjærleik og kjærleikssorg, om å vere saman hos og med nokon andre, og om einsemda som alltid ligg like bak.
Gåsehudfaktoren er høg i Farsund kyrkje. Det er tidvis meir pop enn folk, tidvis meir nytt enn gamalt, men noko er felles for alt materialet me får høyre i kyrkja i dag: Det er alltid ei strime av ljos å finne mellom tekstane og melodien ein stad, ei strime av håp midt i alt det mørke, triste.

Etter siste songen reiser kvart einaste menneskje i salen seg. Til ståande applaus kjem dei (litt forfjamsa) attende på scena. Uførebudd på ein slik respons, speler dei likevel ein siste song; ein vintersong som ekstranummer. «Snart er mørketida over, jeg lover» syng og speler dei, og med glitrande auge skjønar me at dei veit at mørketida framleis ligg føre oss. Men viss Uld, med sine uskuldsreine blikk og vakker musikk lover oss det, så kan me tru på kva som helst.
Sjå: Sam Lee og Martin Steinum Brun åpnet Farsund Folk Festival 2025

Sjå alle bileta frå Kyrkjekonserten:















































2 kommentarer om “KYRKJEKONSERTEN: Farsund Folk Festival!”