Triakel, Setesdal Folkemusikkfestival (header). Foto: Svein Erik Nomeland

I djupet av folkesjela: Triakel til Setesdal Folkemusikkfestival

Kva har ein feilparkert elbil, historiske mord frå dei svenske bygdene, UNESCOs verdsarvliste, Stortingspolitikar Gro Anita Mykjåland og ei merkeleg statue i ei Setesdal-rundkøyring til felles? 

Svaret er enkelt: dei er alle på ein eller annan måte knytt til folkemusikkfestivalen i Setesdal 2025.

Av Margaretha Krug Aase

Det luktar kaffi og suppe i foajeen, og på parkeringsplassen står det campingbilar og solide bilar med firhjulstrekk. Det ein kan sjå gjennom døra til kaféen på Hylestad sognehus ser umiskjenneleg setesdalsk ut. Setesdalspils på tapp, sterkøl og potetlefse på disk, og på skjortene til arbeidsfolka på festivalen står det ikkje «Crew», men «Kreu». Det er med andre ord ikkje tvil om at me er ein eller annan stad i dei indre bygdene i Noreg der tida og moderniteten har satt svakare spor enn andre stader.

Sjå også:: Kurs i kveding, munnharpe og gangardans på Setesdal Folkemusikkfestival!

Kreu på Setesdal Folkemusikkfestival. F.v: Gyro A. Trydal, Maria B. Berg,  Anne Grete Mortensen, Elin Merete Trydal, Rysstad. Foto: Svein Erik Nomeland

Ved eitt av borda sit ein ung mann i rutete skjorte og spelar munnharpe. Venene kring bordet trampar takta, og det tek nokre sekund før ein innser at ein gjer akkurat det same sjølv. Det er eit umiskjenneleg driv i melodien som gjer det nesten umogleg å ikkje la seg riva med. Av alle musikksjangrar som Artistfoto har dekkja opp gjennom åra, så er nok folkemusikk det smalaste så langt. «Gamaldags», «avleggs» og «kun for spesielt interesserte» er kanskje dei orda folk flest forbind med folkemusikk. Gamaldags er det, i aller høgste grad. Men avleggs? Ikkje i det heile tatt. Jo meir ein får høyre utover kvelden, jo meir skulle ein ynskje at fleire hadde fått med seg arrangementet.

Det er kanskje ikkje rart at nokre folk er spesielt interessert i akkurat denne typen musikk. Kvaliteten og framføringa på alt det me såg denne fredagen var heilt eksepsjonelt – frå jamming med hardingfele på parkeringsplassen til scenekonserten med Triakel.

Gard Nergaard, Setesdal Folkemusikkfestival. Foto: Svein Erik Nomeland

Rett over 200 personar er stua saman i konsertlokalet i Rysstad. Konferansieren breier den utprega setesdalsdialekta ut over publikum som eit underleg, eksotisk, men silkemjukt pledd. For utanforståande er det ikkje enkelt å skjøne kva som vert sagt, men med ein så særeigen, melodisk dialekt har det eigentleg ikkje noko å bety kva ho seier. Ho kunne ha lest brukarmanualen til ein vaskemaskin, og det hadde vore like fascinerande å høyre på. Men no er det ikkje dialekta me kom frå å høyre, sjølv om den òg vitnar om noko urgamalt, melodisk og trolsk frå djupet av folkesjela i Setesdal.

Det er storfolk som opnar festivalen. Gro Anita Mykjåland frå Iveland held opningstalen. Ho sit per i dag på Stortinget som representant for Senterpartiet og Agder. Ho understrekar at folkemusikken ber med seg sjølve sjela i kulturarven. Det er ikkje vanskeleg å sjå – og høyre – utover kvelden at sjela i Setesdal i aller høgaste grad er i live. Og ho spelar hardingfele.

Gro-Anita Mykjåland, åpning Setesdal Folkemusikkfestival 2025. Foto: Svein Erik Nomeland

Etter at Sparebanken Norge honorerte det unge folkemusikktalentet Birgit Haugås frå Tinn i Telemark med 50.000,- kroner i folkemusikkstipend, kjem ein svær, staseleg kar i setesdalsbunad ut på scena. Det vert stille i salen, og folk ventar spent på kva som no skal skje. Springleik? Munnharpe? Kveding? Stemninga stig i det han lenar seg fram til mikrofonen. Eigaren av ein feilparkert blå Volkswagen må visst flytte bilen… Han forsvinn ut igjen i kulissane utan så mykje som eit kvad. Heldigvis har konferansieren rukke å hente gåvene ho gløymte i resepsjonen, så ho glir elegant inn på scena og leiar oss vidare gjennom opningsarrangementet.

Sjå også: Serafen frå Colorado: David Eugenie Edwards på Gamla i Kristiansand

Birgit Haukås, vinner Sparebanken Norge Fond 2025. Setesdal Folkemusikkfestival. Foto: Svein Erik Nomeland
Birgit Haukås, vinner av Sparebanken Norge Fond 2025. Setesdal Folkemusikkfestival. Foto: Svein Erik Nomeland

I norskfaget på skulen lærte dei fleste om dei fire store i norsk litteraturhistorie: Ibsen, Kielland, Bjørnson og Lie. I Setesdal er det litt annleis. Dei fire store her oppe heiter Halvdan Furholt, Bjørgulv Straume, Sigmund Skomedal og Gunnar Stubseid. Sjølv om du aldri har høyrt eit folkemusikkinslag i heile ditt liv: Søk opp ein av desse fire på musikktjenesta di og la deg rive med. Dette er verdsklasse-musikarar. Stevkunst, dans og folkemusikken frå Setesdal kom inn på UNESCO si verdsarvliste over immateriell kulturarv hausten 2019. Med rette. Det er noko heilt unikt med det me får høyre i kveld, som fortsett med ein minnekonsert for dei fire store frå Setesdal.

Birgit Haukås, vinner Sparebanken Norge Fond 2025. Setesdal Folkemusikkfestival. Foto: Svein Erik Nomeland
Birgit Haukås, vinner av Sparebanken Norge Fond 2025. Setesdal Folkemusikkfestival. Foto: Svein Erik Nomeland

Tidlegare elevar og arkivopptak gjer ære på desse folkemusikkjempane som via livet sitt til å ta vare på musikken dei var så glade i, og som ein gong var allemannseige. No er stilarten så truga at han krev verdsvern. Rytmane og takta i melodiane ofte er framande, ukjende, til tider vanskeleg å hengje med i for oss moderne, urbane nordmenn – nett som dialekta. Men på djupet er alt det me får servert i kveld likevel velkjend – som eit gløymt ekko av eit genetisk arvemateriale i oss alle som ikkje er daudt, berre i dvale. Framføringane er på grensa til hypnotiske. Dei er alle  fullstendig medrivande, og fleire av innslaga haustar trampeklapp frå fremste rad.

Eldbjørg Furholt og Ragnhild Furholt, Setesdal Folkemusikkfestival 2025. Foto: Svein Erik Nomeland
Eldbjørg og Ragnhild Furholt er Halvdan Furuholt sine døtre. Foto: Svein Erik Nomeland

Eldbjørg og Ragnhild – Halvdan Furuholt sine døtrer – opnar minnekonserten med trøorgel og kveding: Ei vise om Rideboll og Guldborg etter Svein Tveten. Det er nesten som om tonane vekkjer til live ei felles folkesjel djupt i oss alle. Det gjer noko med ein å plutseleg innsjå at nett denne balladen har vore sunge i Noreg i utellelege generasjonar, og at den dramatiske historia har rørt ved lyttarane i århundrar. Og frå dette innslaget går det slag i slag: frå kveding til fele til munnharpe til lydopptak og folkedans.

Sjå også: Førsteklasses musikkmagi i operaformat – Silvia Moi og Torbjørn Eftestøl i Spira Flekkefjord!

Sjå film fra åpningseremonien:

Ein av Halvdan Furholt sine tidlegare elevar omtala Furholt som «danna». Og det er sanneleg noko danna over heile framføringa i kveld. Der moderne kommersiell popmusikk gjerne kan tenkast å gjere lyttaren dummare enn før, så får kvaliteten og essensen i kveldens program lyttarane til å vekse og bli meir danna, dei òg. Og det er det ikkje ofte ein kan seie om ein konsert.

Munnharpekongen Bjørgulv Straume var nestemann på heiderslista. Eg kan med handa på hjartet heilt ærleg innrømme at mi erfaring med munnharpemusikk er syltynn. Sist eg høyrde munnharpespel var på ein eller annan eldgamal cowboyfilm. Men munnharpetonane frå Setesdal slår sitte-rundt-eit-bål-på-prærien-jamming ned i cowboystøvlane. Ein kan ikkje konkludere med anna enn at munnharpe er dødskult.

Den staselege fyren i setesdalbunad kjem attende ut på scena, denne gongen med ei like velkledd og vakker dansarinne i bunad. Publikum klappar, dansarane dansar, og det konferansieren sa om folkedans er heilt sant: «Når ein setesdøl dansar, eig han heile verda.»

Lars Rysstad Nordgreen kunne både synge og danse. Her sammen med Birgit Annette Helle. Foto: Svein Erik Nomeland

Programmet fortset med hardingfeleinnslag frå fleire av protegéane til dei fire store. Me vert igjen slått av kor merkeleg, underleg denne musikkstilen er. Han er så milevidt unna all moderne populærmusikk. Det kjenst nesten som om musikken går i utakt, men eg mistenkjer at det er den straumlinjeforma, tamme inndoktrineringa mi frå kommersielle krefter som har skapt skjulte forventningar om billige skrapmelodiar i staden for kompleks kvalitet. Innslaga er varierte, velspela og tidvis meditative.

Den staute bunadskaren, som me etter kvart skjønar heiter Lars, kjem attende på scena. Jommen kan han synge òg, denne fyren. Her i Setesdal er dei visst tusenkunstnarar alle mann. Sylvartun folkemusikklag sluttar av minnekonserten, og det er på tide med ein sårt tiltrengt pause. Oksygennivået i salen med så mange menneskje er på eit så lågt nivå at det er fare for å gå i komatøs tilstand. Det regnar lett på utsida, menneskja er oppstemde og glade, og ein liten time seinare entrar svenske Triakel podiet.

Sylvartun Folkemusikklag, FV: Stina Brandin Hovet, Maija Lindaas, Knut Arne Rysstad, Eivind Tanche-Larsen Knutsen, Marton Laksesvela. Setesdal Folkemusikkfestival. Foto: Svein Erik Nomeland

Triakel

Triakel er eit svensk folkemusikkband med sju fullengdealbum bak seg. Det siste albumet «Händelser i Nord» er ei samling Norrländske skillingstrykk, som vil seie viser skrivne om verkelege historiske hendingar. Og gjerne så blodige, dramatiske og mystiske som mogleg.

Emma Härdelin, Triakel. Foto: Svein Erik Nomeland

Som bandnamner tilseier, er dei tre personar i bandet. Songerinne og felespeler Emma Härdelin leder an. Ho syng også i bandet Garmarna, som har fleire millionar avspelninger på dei forskjellege straumetjenestane, og fans av Wardruna kjenner kanskje også til desse – dei er litt i same stilen. Kjell-Erik Eriksson speler fele og Janne Strömstedt speler trampeorgel. Eg veit ikkje kor mange band som har trampeorgel som kjerneelement i musikken sin, men etter i kveld undrar eg meg over kvifor ikkje alle band i heile verda har minst eitt trampeorgel med seg på turnè.

Kjell-Erik Eriksson, Triakel. Foto: Svein Erik Nomeland

Konserten er velspelt og stemninga er høg. Stemmen til Emma Härdelin glir over tonane i musikken som ei hardingfele. Trillande, lokkande, klokkereint og krystallklart. Det er uforståeleg for ein utanforståande som meg å skjøne korleis det kan vere så mykje driv og drakraft i eit orgen, ei røyst og to feler.  Alt ved dette arrangementet i kveld er gamalmodig og gamaldags, men ingenting er utdatert eller daudt. Skillinstrykk-songane kjem på rekkje og rad, den eine historia verre enn den andre, men Triakel får sjølv dei verste ugjerningane til å bli fornøyelege og merkeleg motiverande. Spesielt visa om kvinna som drap ektemannen sin på slutten av 1800-talet etter 123 drapsforsøk og tre dagars ekteskap løftar stemninga endå eit par hakk, og vert riktig så lystig å nynne med på.*

Sjå også: Wardruna – norrøn musikk samlet publikum i Kilden

Triakel, Setesdal Folkemusikkfestival. Foto: Svein Erik Nomeland

Musikken legg ei trolsk stemning over forsamlingshuset denne kvelden – driv ut av høgtalarane på uvanlege taktskifte og tonesveip. Det kjennest som om alt er i utakt og takt på same tid – og eg – som ikkje kjennar reglane eller sjangerkrava – anar ikkje korleis eg skal hengje med i melodistraumen utan å leggje meg i selen for å handtere den musikalske magien. Vokalisten får til og med publikum til å jodle, og Artistfoto jodlar lukkeleg med. Kvelden endar så altfor fort, og for resten av publikum ventar ei heil helg med folkemusikk og kulturelle innslag. Som i god gammal tradisjon feirar dei folkemusikken tre dagar til endes denne helga. Den milde, uskyldsreine røysta til vokalisten i Triakel sender oss heim på trillande, vakkert svensk. Det har vore ein fryd å få innsyn i folkemusikksjangaren her i Setesdal i kveld. Og om du får sjansen: Hiv deg ut på djupet og ta eit langt bad i denne umistelege musikktradisjonen om du tør.

Sjå video, Triakel – Postrånet vid Säivis:

Sjå flere bilete:

  • Triakel, Setesdal Folkemusikkfestival (header). Foto: Svein Erik Nomeland
  • Triakel, Setesdal Folkemusikkfestival. Foto: Svein Erik Nomeland

  • Sylvartun Folkemusikklag, Setesdal Folkemusikkfestival. Foto: Svein Erik Nomeland

  • Sylvartun Folkemusikklag, FV: Stina Brandin Hovet, Maija Lindaas, Knut Arne Rysstad, Eivind Tanche-Larsen Knutsen, Marton Laksesvela. Setesdal Folkemusikkfestival. Foto: Svein Erik Nomeland
  • Sylvartun Folkemusikklag, Setesdal Folkemusikkfestival. Foto: Svein Erik Nomeland
  • Sigrid Kjetilsdotter Jore , Lars Rysstad Nordgreen , Kirsten Bråten Berg. Setesdal Folkemusikkfestival. Foto: Svein Erik Nomeland

  • Eivind Tanche-Larsen Knutsen, Setesdal Folkemusikkfestival. Foto: Svein Erik Nomeland

  • Daniel Sandén-Warg, Setesdal Folkemusikkfestival. Foto: Svein Erik Nomeland

  • Kjetil Carolis Jore, Setesdal Folkemusikkfestival. Foto: Svein Erik Nomeland
  • Kjetil Carolis Jorei, Setesdal Folkemusikkfestival. Foto: Svein Erik Nomeland
  • Kjetil Carolis Jore, Setesdal Folkemusikkfestival. Foto: Svein Erik Nomeland
  • Kjetil Carolis Jore, Setesdal Folkemusikkfestival. Foto: Svein Erik Nomeland
  • Jan Rysstad, Setesdal Folkemusikkfestival. Foto: Svein Erik Nomeland
  • Birgit Annette Helle og Lars Rysstad Nordgreen, Setesdal Folkemusikkfestival. Foto: Svein Erik Nomeland

  • Gard Nergaard, Setesdal Folkemusikkfestival. Foto: Svein Erik Nomeland

  • Maria Vaaje og Nina Byttingsmyr, Setesdal Folkemusikkfestival 2025. Foto: Svein Erik Nomeland
  • Eldbjørg Furholt og Ragnhild Furholt, Setesdal Folkemusikkfestival 2025. Foto: Svein Erik Nomeland
  • Eldbjørg Furholt, Setesdal Folkemusikkfestival 2025. Foto: Svein Erik Nomeland
  • Eldbjørg Furholt og Ragnhild Furholt, Setesdal Folkemusikkfestival 2025. Foto: Svein Erik Nomeland
  • Ragnhild Furholt, Setesdal Folkemusikkfestival 2025. Foto: Svein Erik Nomeland
  • Eldbjørg Furholt og Ragnhild Furholt, Setesdal Folkemusikkfestival 2025. Foto: Svein Erik Nomeland
  • Eldbjørg Furholt og Ragnhild Furholt, Setesdal Folkemusikkfestival 2025. Foto: Svein Erik Nomeland
  • Birgit Haukås, vinner Sparebanken Norge Fond 2025. Setesdal Folkemusikkfestival. Foto: Svein Erik Nomeland

  • Gro-Anita Mykjåland, åpning Setesdal Folkemusikkfestival 2025. Foto: Svein Erik Nomeland

  • Ragnhild Furholt, Setesdal Folkemusikkfestival, Rysstad. Foto: Svein Erik Nomeland

  • Stina Brandin, Setesdal Folkemusikkfestival, Rysstad. Foto: Svein Erik Nomeland

  • Stortingsrepresentant Gro-Anita Mykjåland kikket inn på dansekurset. Foto: Svein Erik Nomeland

  • Tor Espen Helle og Birgit Annette Helle, Setesdal Folkemusikkfestival, Rysstad. Foto: Svein Erik Nomeland

  • Setesdal Folkemusikkfestival, Rysstad. Foto: Svein Erik Nomeland
  • Kreu på Setesdal Folkemusikkfestival. F.v: Gyro A. Trydal, Maria B. Berg, Anne Grete Mortensen, Elin Merete Trydal, Rysstad. Foto: Svein Erik Nomeland
  • Vidar Frøysnes, Setesdal Folkemusikkfestival, Rysstad. Foto: Svein Erik Nomeland
  • Pause på kurset med Vidar Frøysnes. Foto: Svein Erik Nomeland
  • Vidar Frøysnes, Setesdal Folkemusikkfestival, Rysstad. Foto: Svein Erik Nomeland
  • Vidar Frøysnes, Setesdal Folkemusikkfestival, Rysstad. Foto: Svein Erik Nomeland
  • Vidar Frøysnes, Setesdal Folkemusikkfestival, Rysstad. Foto: Svein Erik Nomeland
  • Vidar Frøysnes, Setesdal Folkemusikkfestival, Rysstad. Foto: Svein Erik Nomeland
  • Vidar Frøysnes, Setesdal Folkemusikkfestival, Rysstad. Foto: Svein Erik Nomeland
  • Einar Øverland fra Seljord besøkte Setesdal Folkemusikkfestival, Rysstad. Foto: Svein Erik Nomeland
  • Einar Øverland fra Seljord besøkte Setesdal Folkemusikkfestival, Rysstad. Foto: Svein Erik Nomeland
  • Einar Øverland fra Seljord besøkte Setesdal Folkemusikkfestival, Rysstad. Foto: Svein Erik Nomeland
  • Einar Øverland fra Seljord besøkte Setesdal Folkemusikkfestival, Rysstad. Foto: Svein Erik Nomeland
  • Einar Øverland fra Seljord besøkte Setesdal Folkemusikkfestival, Rysstad. Foto: Svein Erik Nomeland
  • Einar Øverland fra Seljord besøkte Setesdal Folkemusikkfestival, Rysstad. Foto: Svein Erik Nomeland
  • Einar Øverland fra Seljord besøkte Setesdal Folkemusikkfestival, Rysstad. Foto: Svein Erik Nomeland
  • Einar Øverland fra Seljord besøkte Setesdal Folkemusikkfestival, Rysstad. Foto: Svein Erik Nomeland
  • Einar Øverland fra Seljord besøkte Setesdal Folkemusikkfestival, Rysstad. Foto: Svein Erik Nomeland
  • Einar Øverland fra Seljord besøkte Setesdal Folkemusikkfestival, Rysstad. Foto: Svein Erik Nomeland
  • Einar Øverland fra Seljord besøkte Setesdal Folkemusikkfestival, Rysstad. Foto: Svein Erik Nomeland
  • Setesdal Folkemusikkfestival, Rysstad. Foto: Svein Erik Nomeland
  • Setesdal Folkemusikkfestival, Rysstad. Foto: Svein Erik Nomeland
  • Setesdal Folkemusikkfestival, Rysstad. Foto: Svein Erik Nomeland
  • Setesdal Folkemusikkfestival, Rysstad. Foto: Svein Erik Nomeland
  • Ragnhild Furholt, Setesdal Folkemusikkfestival, Rysstad. Foto: Svein Erik Nomeland

2 kommentarer om “I djupet av folkesjela: Triakel til Setesdal Folkemusikkfestival

Legg igjen en kommentar