I det me kryssar grensa frå november til desember i 2024, er det lite ljos og idyll å finne. Ytst på kysten i Sør-Noreg slår ein vegg av regn og vind mot oss frå havgapet i det me stig ut or bilen. Dystre, kalde gufs både frå vêrgudane og mediebiletet pregar kvelden i kveld.
Ein tenkte kanskje det såg mørkt ut for oss alle under pandemiåra, og at når dei berre gjekk over, ville me ikkje trenge lengte så mykje etter ljos, medmenneskelegdom og nestekjærleik meir. Diverre ser det endå ein gong ut til at mørketida vert ekstra mørk i år med uvêr, krig og ufred i ei uroleg verd. Då kan ein ikkje anna enn å vere inderleg takknemleg for moglegheita til å dykke ned i ei magisk musikalsk undervatnverd i eit par timar.
Magisk adventstradisjon
Stjernerestauranten Under og lokalbandet Myrull inviterte for sjette gongen til ein magisk adventskonsert under havet i Lindesnes. Saman har dei sidan 2019 arrangert julekonsert der publikum kan «gjenoppdage vakre gamle toner som gjentolkes med stor innlevelse og musikalsk dyktighet, og få kjente og kjære julesanger fremført på myrullsk vis», som dei sjølv skriv på heimesida si.
Myrull er eit lokalt musikalsk prosjekt som har skapt sin eigne, særeigne stil. Den rødhåra kraftrøysta Rebecca Reimers trollbind lyttarane med sin fengslande vokal og rause humør, Vidar Arntsen ekspanderer lydbiletet meisterleg på gitar, og Kjell Martin Sirnes utgjer den urokkelege ryggrada i ensemblet på perkusjon, klokkespel og trekkspel.

I løpet av kvelden speler dei 14 av songane frå juleplata si «Ei strime av lys». Kvart år har dei spela same setliste. Kvart år får publikum oppleve det same som året før. Og eg skal vedde nisselua mi på at kvart år er det like vakkert. Jula er vel den høgtida i året der tradisjonar og faste hendingar er noko av det viktigaste for oss. Me hugsar det som var i åra før, og me lengtar etter å kjenna den same godkjensla igjen. Det er kan hende difor Myrull ikkje endrar på noko frå gong til gong. Grunnprinsippet i all musikk er pause og repetisjon. Myrull har skjønt teikninga for lenge sidan.
Underfullt Under havet
Restauranten Under er eit fenomen. Rådyr, råflott og eksepsjonell på alle vis. Han ligg i havgapet på kysten av Lindesnes, og strekk seg ned i havdjupet. I foajeen heng Michelinstjerna på veggen og vitnar om ein spisestad heilt utanom det vanlege. Viss du ikkje har fått sjansen til å vere der sjølv, ser det altså slik ut: Opne døra, la den underlege, suggererande undervatnmusikken følgje deg ned fleire sett lange trapper til du endar på botn av havet i eit ope, stille rom. Det er som å vere i ei kyrkje. Det er som å vere i ei anna verd.
Dei fleste gjestane stansar opp nedst i trappa. Stirrar på vatnet som bølgjer grønt og grumsete bak glaset. Langsame, seige havstraumar tvinnar tang og tareflak rundt seg sjølv. Det glimtar i fiskesølv og glitrande skjell. Nokre få gjestar tek sjansen på å knipse eit bilete av havmørket som drøymar djupt og mektig utanfor. Tidlegare år har ein visstnok kunne sjå fleire titals meter ut i havet. I kveld ligg det blålege havet som ei tåke kring oss alle. Det er hardt vêr, og sjøen er opphausa, brå og kald. Ein kan sjå korleis vinden ruskar i havet over oss. Fiskane gjer seg visst ingenting av det. Dei glimtar og glitrar i djupet.
Gjestane har alle betalt 1200,- kvar for ein heilaftan med konsert og mat. Fyrst Myrull på Under, deretter ein treretters middag i lag med bandet hos naboen Lindesnes Havhotell. Det er vanskeleg å sjå korleis ei oppleving som dette kan målast i pengar og tal.
Se også: Tidenes lineup på Dark Season!
Eit eventyrleg ekteskap
I mange år har Myrull hatt eit nært samarbeid med Michelin-restauranten Under. Ingen andre band får spele her. Restauranten og lydbiletet tilhøyrar Myrull åleine. I 2022 ferdigstilte dei eit seks timar langt lydspor som spelast kvar einaste kveld for gjestane i restaurantlokalet under havet. Ei musikalsk perle til ei kulinarisk stjerne.
Dei atmosfæriske, underlege tonane smyg seg rundt oss der me finn vegen ned under havet i vinterstormen i kveld. Stolane står tett i tett føre scena. På sjølve scena står fire gitarar, tre vassglas og to stolar stille i ei blålilla ljos foran ein grøn, levande vegg av hav. Ein einsleg fisk skimrar blant duvande tang og tare.
Vertinna Katrine Ubostad ynskjer oss velkommen. Ho fortêl kort om Under sin visjon og konsept, og understrekar at eit av dei viktigaste verdiane dei ynskjer å dele er å vere til stades. Her og no. Med oss sjølv. Med kvarandre. Med det som skjer akkurat no. Me legg vekk mobilane og tek steget over i samværet med den verkelege verda, med kvarandre, med musikken, med Myrull. Det er stille og sakralt i dette underlege rommet under havet når musikarane finn plassane sine. Songane er ein mangfaldig miks av salmesong, folketonar, moderne klassikarar og eldgamle viser frå heile Europa. Alle er vald ut fordi Myrull ikkje berre vil symje på overflata av julestemninga, dei vil dykke under overflata ned i djupet
Ikkje berre «berre»
Gjestane mumlar seg imellom medan Arntsen testar gitaren, og ein av naboane mine peiker på noko som flimrar gjennom havet. «Ei tangsnibe?» høyrer eg ho kviskre til venninna. Dei ristar på hovudet. Nei. Berre tang. Men her i dette undervatnrommet er ingenting berre «berre». Alt vert større, mektigare, tydelegare, framheva, fokusert. Det er sant som vertinna vår sa: Restauranten Under har alltid ynskja å ta det vesle, lokale, enkle og framheva det. Setje det under eit forstørringsglas, og lyse opp dei nære ting.
Sjølv om setlista inneheld myrullske versjonar av kjente og kjære songar som «Glade Jul» og «Deilig er jorden», vart kvar einskilde song unik og særeigen i myrullsk drakt. Dette er så mykje meir enn «berre julemusikk». Den eldste låta er frå 1100-talet. Den yngste frå 1980-talet. Tid og rom smeltar så inderleg fint saman her i kveld.
Historier og personlege anekdotar, humor og underfundige glimt av eigne liv krydrar framføringa så tida forsvinn på eit augenblink. I det den stadeigne låta «Klinge a klokka» byrjer, symjer stille og sølvskimrande fisk fram frå mørkret i det grøne havdjupet. Songen handlar om stormklokkene utanfor sørlandskysten som var meint å verne sjøfolk mot farleg føre når vintervêret fekk klokkene til å ringe vilt og høgt langs kysten i gamal tid. Kjærleiken til havet, kjærleiken til det nære rundt oss, ligg til stades i kvar tone i kveld. Sjølv om historia og tonane ligg fjernt frå oss i tid, ligg dei nær oss likevel.

Eksklusiv og eineståande konsert
Dei fleste songane vert leda av Rebecca si karismatiske røst og særeigne scenekraft. Men ein av dei siste songane er Vidar sin åleine. Ein song om eit tøft liv, om ei tøff jul, og kor ekstra vanskeleg det kan verte når alt vert forsterka og forstørra i desse juletider – både det gode og det vonde. «Vi dveler i ei demring, et skimmer av julefred» syng han. Eg trur me alle kan kjenne oss igjen i sorg og saknad. «Når det er som mørkast,» fortel han etterpå, «då skal det så lite til for å få auge på det minste lille ljos. Ver ljos for kvarandre.» Ein kan ikkje anna enn å seie amen til det.

Musikarane er alle tre eksepsjonelle på kvart sitt vis. Dei meistrar instrumenta sine til fingerspissane, om det så er rein vokal eller ein gammal Gibson-gitar som har si eiga, intrikate historie. Eg har høyrt frå andre at Myrull er eit band ein må oppleve live, innspelingane kan ikkje måle seg med magien dei skapar saman til stades her og no. Og det stemmer. Eg har sjeldan vore så trollbunden av nokon artist nokon gong før.

Bandet tek oss med på ei reise frå før til no, frå her til der, frå kysten til innlandet og attende til havet igjen. Dombjøllene klingar over snøen, englar og sølvfisk dalar ned i skjul; «Korleis skal eg kunne skrive om dette?» tenkjer eg i denne musikalske og sakrale augenblinken under havet. Her må ein vere til stades for å forstå. Adventskonserten i kveld er ei julegåve det ikkje går an å setje ein prislapp på. Det er ei romlaus, tidlaus gåve som aldri vert gløymt.

Viss du nokon sinne får sjansen, må du sikre deg denne magiske gåva live. Myrull heldt berre ein julekonsert i heile 2024, og det var denne. Juleønskjet mitt i år er at dei held fram i åra som kjem òg. Dette var ei vidunderleg, vid-underleg strime av ljos.
Se flere bilder fra konserten:















































2 kommentarer om “Adventskonsert med Myrull: Eit Under-verk”