Haugtussa på Nordberg Fort, header (Bjørge Verbaan og Jorunn Undheim). Foto Svein Erik Nomeland

HAUGTUSSA – «Tidenes mest intime intimkonsert»

«Haugtussa: Der draumane sviv» på Nordberg Fort tysdag 10. mars 2020.

Av Margaretha Krug Aase
Den siste konserten før Korona

Konserten med duoen Jorunn Undheim og Bjørge Verbaan kjem til å bli ståande som eit heilt spesielt minne. Ikkje berre fordi han var ei draumeaktig reise inn i ein norsk nasjonalskatt i form av eit meir enn 130 år gamalt, nydeleg dikt, men òg fordi det var siste konserten underteiknade fekk sjå før heile Noreg stengde dørene på ubestemd tid.

Haugtussa på Nordberg Fort, (Bjørge Verbaan og Jorunn Undheim). Foto Svein Erik Nomeland
Haugtussa på Nordberg Fort, (Jorunn Undheim og Bjørge Verbaan) Foto Svein Erik Nomeland

Konserten «Der draumane sviv» har undertittelen «Haugtussa i nye toner». Før konserten grov eg djupt i dei støvete minna frå norskopplæringa på vidaregåande skule, og fant til slutt tre ting eg hugsa om Haugtussa:

1. Arne Garborg. Norsk. Eldgamal.
2. Norskpensum på vidaregåande. Vanskeleg.
3. Eit eller anna nasjonalromantisk med hei og myr og kvad og sånn.

Eg visste med andre ord ikkje mykje om kva som venta oss då eg og min trufaste sidekick svinga inn på ein tom parkeringsplass på Nordberg Fort på Lista ein fullmånekledd tysdagskveld i mars. Der kom me inn i eit nesten tomt lokale. Kor var alle saman? Svaret kunne oppsummerast i eitt ord: Korona.

Personalet sa heldigvis at dei ville køyre konserten uansett. Etter kvart kom det òg ei lita handfull folk til. Alle sat seg i god avstand til kvarandre på kvar sine bord. Dei trivelege vertane på fortet serveerte gratis heimelaga kaker og blåbærsaft. Til slutt var me oppimot ti personar i publikum.

Haugtussa på Nordberg Fort. Foto Svein Erik Nomeland
Haugtussa på Nordberg. Foto Svein Erik Nomeland

Då me sat og venta på at artistane skulle kome på scena, visste me enno ikkje at det berre var tre dagar igjen til alle arrangement i heile Noreg vart avlyst. Berre tre dagar igjen til det som før var ein trygg kvardag plutseleg skulle snu seg opp-ned, og verte til ein usikker unntakstilstand der både enkeltpersonar og kulturinstansar går ei utrygg framtid i møte. Hadde eg visst dette på førehand, hadde eg kan hende sett endå større pris på konserten. For å sette pris på han? Det gjorde eg definitivt

Eitt dikt, to personar, tre piano

Jorunn Undheim, vokalisten i duoen, kjem frå Undheim – ein gard i same nabolag som Arne Garborg sjølv. For dei av oss som ikkje er lokalkjende på Jæren, så er det altså ein eller anna stad i Rogaland på Vestlandet. Med hei og myr og garder og sånn.

Haugtussa på Nordberg Fort, (Bjørge Verbaan og Jorunn Undheim). Foto Svein Erik Nomeland
Haugtussa på Nordberg Fort, (Jorunn Undheim). Foto Svein Erik Nomeland

Kjærasten hennar, Bjørge Verbaan, er komponist og pianist. Saman har dei pakka Arne Garborg sitt dikt «Haugtussa» inn i mjuke, nye tonar. «Der draumar sviv» er ein kvar pensjonert norsklektor sin våte draum. Musikken speglar tematikken i diktet, og toneleiet og stemmen til Jorunn er som ein tidleg vårdag og ei tung haustnatt på same tid: Snill, kraftig, mjuk, stor og skjør.

Haugtussa på Nordberg Fort, (Bjørge Verbaan og Jorunn Undheim). Foto Svein Erik Nomeland
Haugtussa på Nordberg Fort, (Bjørge Verbaan). Foto Svein Erik Nomeland

Pianisten hadde ikkje mindre enn tre instrument å spele på: Eit vanleg piano, eit elektrisk piano og eit ordentleg gammaldags trøorgel, som passa riktig så godt der i bibelbeltet. Kledd i sømmelege svarte klede – ein lang, gjenkneppa kjole og svarte skinnande Dr.Martens-sko – song og fortalde Jorunn oss gjennom den spanande historia. Ho veksla mellom å fortelje morosame og underfundige anekdotar både frå Garborg og si eiga verd

Haugtussa: betre enn Netflix

No skal det seiast at eg og min kompanjong kanskje ikkje er heilt i målgruppa. Eg mistenkjer me er tretti år for unge, og at me har lest for lite av dei store norske storverka. Det hjelper nok å vere rundt 60 og glad i norsk nasjonalromantikk og andre episke greier, men som den kvinnelege sidekicken min på rundt 30 år sa etterpå: «Wow, det var jo reine såpeoperaen!» Og sanneleg hadde ho rett. Me vart riven med frå fyrste songen, og spaninga steig og sank i takt med melodiane. Me fekk kjærleik og sorg, svik og håp, glede og hjarteknas i mjuk foreining, men det hjelpte godt at Jorunn forklara publikum kva versa handla om mellom songane.

Se sangen «Haugtussa» fremført på Nordberg Fort:

Diktet er eigentleg på heile 71 strofer. Det er ei sørgjeleg kjærleikshistorie med mytiske over- (eller under-)tonar, som handlar om den unge jenta Veslemøy. I byrjinga vaknar opp til å sjå gjenferdet av si daude syster. Frå då av vert det berre verre og verre: Ho treff den store kjærleiken, dei vert saman, han svik ho og trulover seg plutseleg med den rike bitcha på storgarden i bygda, og Veslemøy held på å døy av sorg, ho ser gjenferd, ho vil drepe seg sjølv, men så… Eg skal ikkje spoile slutten, for viss du ikkje kjenner diktet frå før: Les det i ei av dei nyare språkdraktene. Eg lovar deg: Det er ikkje berre for pensjonerte norsklærarar!

Haugtussa på Nordberg Fort, (Bjørge Verbaan og Jorunn Undheim). Foto Svein Erik Nomeland
Haugtussa på Nordberg Fort, (Jorunn Undheim og Bjørge Verbaan). Foto Svein Erik Nomeland
Midt mellom for lite og akkurat passe

Artistduoen hadde valt ut 12 dikt til konserten på Lista. Songane tok for seg handlinga i kronologisk rekkefølgje, og dei hadde ikkje endra på ordlyden frå 2006-versjonen av diktet i Sigbjørn Reime si språkdrakt. Musikken var enkel og lett å like, og eg såg for meg dette hadde passa perfekt som bakgrunnsmusikk ein roleg sumarkveld i hagen etter ein god middag med trauste pensjonistvener. Det gjekk nemleg litt tregt i byrjinga, og tidvis var det vanskeleg å skilje songane frå kvarandre. Eg sakna noko som drog framføringa opp frå «skikkeleg god» til «MAGISK». Kanskje eit par ekstra instrument? Ville ei fele eller eit slaginstrument ha vore det litle ekstra som heva konserten til episke nivå?

Se alle bildene fra konserten:

Denne lysbildefremvisningen krever JavaScript.

Heldigvis kom det pianosolar og avbrekk innimellom som braut monotonien. Spesielt songen «Elsk» – basert på det vakraste kjærleiksdiktet som er skriven, var heilt fenomenal. Her gjekk dei to artistane vekk frå dei snille, lettspiselege folkevise-tonane, og heiv seg ut i ein vill og vakker song som spegla innhaldet og intensiteten i diktet. Jorunn viste fram krafta i røysta, og song hjartet rått og tomt i heile stemmespekteret. Og denne dama kan syngje! Det var vilt, det reiv og det fengsla.

Haugtussa på Nordberg Fort, (Bjørge Verbaan og Jorunn Undheim). Foto Svein Erik Nomeland
Haugtussa på Nordberg Fort, (Bjørge Verbaan og Jorunn Undheim). Foto Svein Erik Nomeland

Jorunn og Bjørge fekk vist fram eit breitt spekter av musikalsk talent denne kvelden. Songen «Vond Dag» var ein trist og sørgmodig vise på trampeorgelet, der vokalisten drog oss langsamt gjennom tonane som spegla sorga etter Veslemøy sin tapte kjærleik. I songen «Haust» storma det i og utanfor Veslemøy, og det same gjorde musikken. Her lét Jorunn oss sjå kor djup og kraftig stemmen hennar kunne vere: tempoet steig, og det var nokre nydelege, dynamiske overgangar her som gjorde «Haust» til ein av dei mest interessante låtane i heile settet.

Haugtussa på Nordberg Fort, (Bjørge Verbaan og Jorunn Undheim). Foto Svein Erik Nomeland
Haugtussa på Nordberg Fort, (Jorunn Undheim). Foto Svein Erik Nomeland

Duoen kledde å vere dynamiske og lekne i stemmebruk og toneleie. Dette var verkeleg ei oppleving utanom det vanlege. Var det verdt å trasse Korona-gjenferdet for å møte eit anna gjenferd i hovudpersonen Veslemøy si daude syster sin skikkelse? Definitivt. Om ein fyrst skulle trasse virusinfeksjon og trusselen om ei ukjent framtid så var Haugtussa i nye tonar definitivt eit godt val, om så berre for å ha opplevd ein konsert på Nordberg Fort. Makan til flott plass og triveleg vertskap! Det kan anbefalast på det varmaste, og me kryssar fingrane for at det ikkje er kroken på døra for både artistar og små konsertlokale i Noreg for godt. Me vil ha meir av dette!

Sjekk også ut sangen Møte og Elsk:

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s