Home » Artikler

ARTISTFOTO TEK TEMPEN: NORWAY ROCK LAURDAG 7.7.

09.07.2018

Tekst: Margaretha Krug Aase / Foto : Svein Erik Nomeland


Ghost Avenue

Ghost Avenue kickar i gong laurdagen med reine, rivande rockeriff som sett ein saumlaus standard for den siste festivaldagen i Kvinesdal. Med innøvd koreografi (kven visste det gjekk an å synkronspele seg gjennom ein heil sang?) røsker dei opp i dei frammøtte formiddagsmorgonen i teltet. Folk ser kanskje litt trøyttere ut enn dagen før, og det tek nok ei stund for dei fleste å reparere både øyre og hovud etter ei hard natt. Vêret er fortsatt strålande, stemninga høg både på campen og på området, og badeplassen er full av tatoverte kroppar og store smil.

Frogleap
Eit av banda Artistfoto blei anbefalt på førehand var Frogleap. Teltet er allereie på veg til å fyllast opp før konserten tek til, og når dei kjem på scena er stemninga skyhøg. Dei røskar til med den eine rå coverlåta etter den andre. Her får dei hardbarka metallhovud med på alt frå å danse til Lady Gaga, headbange til Ghostbusters og hoppe til Rage against the machine. Sjølv om publikum er ein tanke meir redusert ut i dag enn i går på denne tida, er det ingenting redusert med framføringa til frontfigur Leo Moracchioli og co. Bandet som vokalist og YouTube-fenomenet har samla sammen frå England til Oslo er råsterkt, og dette er ei energibombe av ein konsert. Det er ikkje kvar dag eit telt på rockefestival svulmer over av tonane til Toto sin "Africa", men i dag er unntaket. Frogleap leverer den mest vellykka og samstundes merkelege coverlåt-kolleksjonen til dags dato. "There's nothing that a hundred men or more could never do" syng publikum av full hals, men i dette høvet er det vel like riktig å seie at ei slik bragd er det "nothing but a crazy dude with his band could ever do".


Frog Leap 

Status Quo
Etter kvart som klokka aukar utover kvelden aukar gjennomsnittsalderen blant publikum óg. Status Quo-konserten nærmar seg med stormskritt. Det er merkbart fleire mannfolk litt oppi åra foran scena laurdag kveld like før klokka ni enn tidlegare under Oslo Ess, for å seie det på ein diskret måte. "Mesteparten av stoffet er fra 70-, 80-, 90- og 2000-tallet," seier frontmannen Francis Rossi når han introduserer konserten. Det gjeld for så vidt for ungdomstida til publikum óg, så Status Quo er sikra på alle baugar og kantar i kveld. Lyden er upåklageleg, rockefaktoren høg og publikum er meir enn villige til å bli med på dansen.



Publikum under Status Quo

Når dei køyrer i gong "Wild side of life" frir dei til "Texas-bygda" Kvinesdal på begge knea. På ein augenblink er det fleire spontane swing-dansegolv på gong spredt rundt i publikum. Og publikum - det er det mykje av i kveld! Viss antalet festivaldeltakare på jordet foran scena er ein liten peikepinn på om festivalen er ein suksess eller ikkje, så ser det lovande ut så langt. Låta dei aller fleste ventar på er nok "In the army now", og eit samstemt jubel stig opp frå mengden når dei første gjenkjennelege tonane strøymer ut av høgtalarane.


Status Quo

Etter konserten kjem ordføraren i Kvinesdal på scena med ordførersmykket rundt halsen og blomsterbukett i handa for å takke dei mange ildsjelene bak festivalen. Det mange kan hende ikkje er klar over, er at heile festivalen blir driven på dugnad. Det ligg mange timar og slit bak eit arrangement som dette, og det er godt å sjå sjølve ordføraren trå til for å hedre dei som hedrast bør. "Eg har eit spørsmål," seier han til slutt til publikum. "Kjem de att til neste år?" Publikum svarar med eit samstemt "Ja!" med armane i vêret.

"Det blir ikkje betre enn dette!" høyrer eg ein bak meg rope til kameraten sin etter at Status Quo er over og dei siste to banda står klare for å runde av festivalen. Eg undrar meg om ikkje han har rett. Det blir ikkje betre enn dette, Norway Rock Festival, men eg håpar de gjer eit heidundrande forsøk til neste år óg.

Se alle bildene fra Norway Rock 2018 her!